Cancer mammae

Kirurgisk behandling av brystkreft

Operasjon for brystkreft inneber enten brystbevarande operasjon eller fjerning av brystet. Det kan også vere ein operasjon i armhola med fjerning av ein vaktpostlymfeknute (sentinel node) eller fjerning av lymfekjertlar i armhola (aksilledisseksjon). Hos nokre pasientar kan det vere aktuelt med rekonstruksjon ved fjerning av bryst. Desse inngrepa blir som regel utførte i samarbeid med plastikkirurg.

Det er fleire aktuelle operasjonsmetodar ved brystkreft. Legen vil hjelpe deg med råd og rettleiing, og du vil få behandling tilpassa din type kreft. Dei fleste brystkreftoperasjonar skjer dagkirurgisk.

Ved brystbevarande operasjon fjernar legen berre sjølve svulsten og voven rundt.

Det er svulstens type, størrelse, utbreiing og plassering som avgjer om du får brystbevarande operasjon. Størrelsen på brysta har også betydning.

For at ein brystbevarande operasjon skal vere like trygg som å fjerne heile brystet, blir strålebehandling anbefalt mot brystet for å hindre tilbakefall.

Denne operasjonsmetoden fjernar heile brystet. Muskulatur under brystet blir ikkje fjerna.

I somme tilfelle blir det innlagt eit dren for å drenere blod og sårvæske. Drenet blir fjerna 1–2 døgn etter operasjonen.

For nokre pasientar kan det vere aktuelt å operere inn ein silikonprotese som erstatning for det brystet som blir fjerna. Dette kan skje under same operasjonen som når brystet blir fjerna, eller seinare. Dersom dette er aktuelt for deg, vil du få eigen samtale med ein plastikkirurg. Nokre plassar blir du tilvist til eit anna sjukehus for denne operasjonen.

For nokre pasientar kan det vere aktuelt å operere inn ein silikonprotese som erstatning for det brystet som blir fjerna. Dette kan skje under same operasjonen som når brystet blir fjerna, eller seinare. Dersom dette er aktuelt for deg, vil du få eigen samtale med ein plastikkirurg. Nokre plassar blir du tilvist til eit anna sjukehus for denne operasjonen.

Undersøking av lymfekjertlar i armhola

Ved brystkreft og enkelte tilfelle av forstadium til brystkreft, er det viktig å finne ut om det er spreiing av brystkreftceller til nærliggande lymfeknutar. For å operere så skånsamt som mogleg har ein utvikla ein metode som blir kalla vaktpostlymfeknutebiopsi.

Vaktpostlymfeknutebiopsi

Det finst ein første lymfeknute (vaktpostlymfeknute) i aksillen som drenerer lymfa frå brystet, og status til denne lymfeknuten reflekterer status for dei andre lymfeknutane som drenerer frå same område. Vaktpostlymfeknuten er den første lymfeknuten som tar imot brystkreftceller. Dersom vaktpostlymfeknuten ikkje inneheld brystkreftceller, vil resten av lymfeknutane i aksillen mest sannsynleg vere frie for kreftceller og aksilledisseksjon vil vere unødvendige.

Det blir nytta to metodar for påvising av vaktpostlymfeknuten, radioaktivitet og blåfarge. Radioaktiv isotop, blir som regel injisert dagen før operasjonen og etter injeksjonen blir gjord lymfoscintiografi. I tillegg blir det også sett eitt blått fargestoff inn i brystet under operasjonen. Dette blir soge opp i lymfebanane og er også eit hjelpemiddel for å finne vaktpostlymfeknuten.

Ved inngrepet blir blå og/eller radioaktive lymfeknutar tatte ut og blir sende til histologisk undersøking, eventuelt frysesnitt.

Blåfargen skilst ut via nyrene og gjer at urin og avføring blir blågrøn eit døgns tid etter operasjonen. Huda kan også få eit gråblått skjer dei første timane etter operasjonen.

Aksilledisseksjon

Ved aksilledisseksjon blir alt feittvevet fjerna med tilhøyrande lymfeknutar i armhola.

Det blir som regel lagt inn eit dren (plastslange) i såret i samband med operasjonen for å drenere sårvæske. Drenet blir som regel fjerna etter 1–2 dagar.

Før

Dei fleste pasientar møter til førebuande prøver og undersøkingar på sjukehuset dagen før operasjonen.

Denne dagen vil du få høve til å snakke med sjukepleiar, kirurg og narkoselege om operasjonen og tida etterpå. Det kan hende du skal ta blodprøver og hjarteprøve (EKG). Du kan reise heim når du er ferdig for dagen.

Dersom du ikkje kan opererast dagkirurgisk, vil du få individuelt tilpassa førebuingar og innlegging på sengepost.

Før operasjonen får du smertestillande tablettar og eit tynt plastrøyr lagt inn i ei blodåre på armen (venekanyle).  

Hygiene

Du skal dusje og vaske hår heime om morgonen på operasjonsdagen. Du skal ikkje bruke neglelakk, sminke, parfyme eller smykke (inkludert piercing). Ikkje smør kroppen med bodylotion. Ta på deg nyvaska klede etter at du har dusja. Det kan vere komfortabelt med tøy som ikkje strammar over operasjonsstaden.

Faste

Du må ikkje ete fast føde, drikke mjølk, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi, ete pastillar/drops etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen, men du kan drikke 1–2 glas vatn, saft, kaffi eller te utan mjølk inntil kl. 06.00 operasjonsdagen. Du pussar tennene som vanleg.

Medisinar

Dersom du ikkje har fått andre beskjedar, kan du ta dei faste medisinane dine med eit ½ glas vatn tidleg operasjonsdagen. Bruker du blodfortynnande medisinar (for eksempel Marevan, Albyl-E, Plavix) må du avklare med kirurgen og eller fastlegen din om du må slutte med desse før operasjonen og når.

Bruker du insulin må du ta omsyn til at du fastar og avtale med anestesilege eller sjukepleiar korleis du skal forhalde deg til dette.

Under

Etter at du er klargjord til operasjon blir du køyrd i seng til operasjonsstua. Her blir du tatt imot av ein anestesisjukepleiar og ein operasjonssjukepleiar.

Sjølve operasjonen skjer i narkose og varer 1–2 timar.

Etter

Når operasjonen er ferdig, blir du køyrd i seng til dagkirurgisk avdeling. Her blir du observert til bedøvinga har gått ut, vanlegvis i 2–4 timar. Du kan ete og vere i aktivitet etter kort tid. Kirurgen kjem og snakkar med deg og vi ordnar alle papir du skal ha med deg heim. Om du har behov for sjukmelding og/eller rekvisisjon til fysioterapeut, ordnar vi dette før heimreise.

Etter operasjonen kan det samlast seg noko sårvæske i operasjonsområdet. Av og til kan det bli så mykje at du føler at det sprenger over arret. Dette er ikkje farleg, men det kan bli behov for å tappe ut væska. Dette er ein enkel prosedyre som lege/sjukepleiar ved sjukehuset kan gjere.

Dersom huda blir raud og varm, og du får aukande hevelse og/eller smerter, kan du ha fått ein sårinfeksjon. Det kan også komme gult puss ut av såret. Du må da ta kontakt med lege for vurdering for antibiotikabehandling eller eventuelt drenasje av underliggande byll.

Har du fått operert bort heile brystet vil du ha behov for ein utvendig protese. Før du reiser frå sjukehuset får du med deg ein bomullsprotese som du kan ha dei første vekene etter operasjonen. I tillegg får du ein rekvisisjon på utvendig silikonprotese med liste over forhandlarar. Det kan vere lurt å vente med å tilpasse denne protesen til såret er grodd og eventuelle reaksjonar i operasjonsområdet er borte.

Det finst fleire ulike protesetypar. Dei tradisjonelle protesane er berekna til bruk saman med spesial-BH, der det på den opererte sida er laga ei lomme som protesen kan ligge i. Det finst også protesar som du kan lime direkte på huda. Hos proteseforhandlar vil du få god hjelp til å finne det som passar best for deg.

Fysioterapeut vil informere deg om tilpassa fysisk aktivitet straks etter operasjonen og i tida etterpå. Du vil få instruksjon i øvingar for å vareta rørsla i skuldra og armen på operert side. Ingen øvingar skal gjere vondt.

Det er vanlegvis lite smerter etter operasjonen, men du kan kjenne deg litt øm. Du kan bruke smertestillande medisinar som paracetamol eller NSAIDS for å lindre eventuelle plager.

Du kan få redusert rørsle i skulder og arm. Derfor er det viktig å følge instruksjonar du har fått av fysioterapeut.

Sjå også øvingar for deg som er brystkreftopererert (brystkreftforeningen.no)

Symptom på lymfødem er som tidlegare nemnt tyngdesanseinntrykk og hevelse i arm og hand. Plagsamt og varig lymfeødem gir grunnlag for rekvisisjon til spesialist i lymfedrenasje. Du kan sjølv kontakte fysioterapeut som er spesialist i lymfedrenasje.

Oppover i armhola er det fleire større og mindre nervar som forsyner hud og muskulatur i armen med nerveimpulsar. Dersom éin eller fleire av desse nervane blir strekte eller delte i samband med operasjonen, kan det bli ein mellombels eller varig nedsett hudkjensle i eit område på overarmen og i armhola. Ein sjeldan gong kan du få noko redusert muskelkraft i arm/skulder.

Ver merksam

Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte sjukehuset:

Bløding

Bløding skjer sjeldan og vanlegvis kort tid etter operasjonen, som regel innan det første døgnet. Du kan merke hevelse og smerte i form av at det sprenger i sårområdet. Av og til er det tilstrekkeleg å legge stram kompresjon over såra. Andre gonger må vi opne såret for å få stansa blødinga. Dette skjer på operasjonsstua i narkose.

Infeksjon

Dersom huda blir raud og varm, og du får aukande hevelse og/eller smerter, kan du ha fått ein sårinfeksjon. Det kan også komme gult puss ut av såret. Du må da ta kontakt med lege for vurdering for antibiotikabehandling eller eventuelt drenasje av underliggande byll.