Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kirurgiske inngrep i huden

Ved nokre tilstandar er det nødvendig for hudlegen å gjere enkle inngrep i huda. Dette kan vere ein biopsi eller eit kirurgisk inngrep for å avklare diagnosen og behandle tilstanden.

Før

  • Om du bruker medisinen acetylsalisylsyre Albyl-E, kan vi operere.
  • Om du bruker warfarin (Marevan), kan vi operere dersom INR-verdien er under tre eller lågare. Du må ta kontakt med fastlegen din cirka éi veke før operasjon for INR-måling og justering av Marevandosen. Dersom INR-verdien er over tre, må inngrepet utsettast.
  • Om du bruker blodfortynnande medisin som apiksaban (Eliquis), dabigatran (Pradaxa) rivaroksaban (Xarelto) edoksaban (Lixiana) eller argatroban (Novastan) skal du ikkje ta den faste dosen din blodfortynnande medisin siste 24 timar før planlagd operasjon.

Under

Du får lokalbedøving. Ein bit av huda blir fjerna. Såret blir sydd igjen med sting som skal fjernast etter nokre dagar. Du får beskjed om kor lenge stinga skal sitte. 

Etter

Effekten av bedøvinga varer i éin–to timar. Etter inngrepet kan såret vere ømt. Skulle du ha behov for smertestillande, er Paracetamol anbefalt. Unngå acetylsalicylsyre (for eksempel Albyl- E) fordi dette kan auke faren for bløding i såret.

Plasteret du fekk hos oss, kan sitte på til stinga blir fjerna. Ved bløding, kan du skiftae det tidlegare. Skulle plasteret bli blautt, anbefaler vi at det blir skifta.

Unngå hard fysisk aktivitet som fører til slag mot såret eller strekk i huda dei første to vekene. Når stinga er fjerna, kan det med fordel bruke eit uelastisk plaster (for eksempel Micropore) i éin–tre månader. Dette vil stabilisere huda slik at arret blir finare.

Alle kirurgiske inngrep vil etterlate arr i huda. Råda ovanfor vil hjelpe deg til å få eit finast mogleg resultat.

Ver merksam

Teikn på infeksjon: 

Får du aukande smerter etter to–tre dagar, kan det vere teikn på infeksjon. Dette kjem vanlegvis av ei auke av dine eigne hudbakteriar og er som regel lett å behandle.  

Symptom: 

  • aukande, bankande smerte
  • raudfarge og heving rundt sårkant eller rundt nokre sting 
  • gult verk 

 

Kontakt

Odda sjukehus Operasjon og anestesi, Odda

Kontakt Operasjon og anestesi, Odda

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Praktisk informasjon

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.