Du vi bli vurdert av ein ortoped om skaden skal opererast eller ikkje. Kirurgisk inngrep har som mål å stabilisere kneleddet. Ved ein større strekkskade der ligamentet er delvis avrive er det viktig at kneet sikrast med skinne 24 timar i døgnet og opp til 6 veker etter skaden. Ved ein alvorleg strekkskade er som regel også fremre korsband og/eller menisk skada. Kirurgisk behandling vert som regel tilbydd pasientar som har ein aktiv kvardag.
Kne, skade på ledd og leddbånd
På kvar side av kneleddet er det to sterke leddband som avstivar og stabiliserer kneleddet. Ved skade eller vriding av kne kan det innvendige eller utvendige sideleddbandet bli strekt eller avrive. Det mest vanlege er skade på det innvendige sideleddbandet. Dette er den hyppigaste kneskaden og utgjer omlag 40 prosent av alle kneskadar.
Symptom
Årsaka til skader på leddband kan kome av vridning eller rotasjon i kneet, slik at kneet pressast innover og leggen utover. Det vil som regel oppstå sterke smerter på innsida av kneet men dette kan variere utifrå alvorlegheitsgraden på skaden. Du vil merke at kneet er mindre stabilt enn tidligare.
Tilvising og vurdering
For å få undersøkt kneet skikkeleg kan det vere nødvendig å ta MR eller artroskopi (føre eit skop med kamera inn i kneet). Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Vær merksam på teikn på infeksjon, dunkande/aukande smerter, rødme, hevelse eller feber.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak, Haugesund
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00