Livsstilsendring ved fedme hos barn og unge

Livsstilsbehandling skal hjelpe barn og unge til å gjennomføre dei endringane som trengst for å gå ned i vekt og stabilisere vekta over tid. Ein stor del av livsstilbehandlinga går ut på å redusere inntak av kaloriar og å halde oppe eller auke nivået av fysisk aktivitet. I behandling av barn og unge er det nødvendig å engasjere familien og omgivnadene som barnet lever i. Det vil ofte bety at også foreldre og søsken må endre litt på matvanane sine og bevege seg litt meir.

Før

For å lykkast med livsstilsbehandling må barnet eller ungdommen vere motivert og klar for å endre levevanar. Før behandlinga gjennomfører vi ofte ein type samtale som blir kalla motiverande intervju.

Av og til har vi også ein informasjonsdag for føresette.

Under

Åtferdsbehandling er viktig for hjelpe barnet til å endre og halde oppe nye kost- og aktivitetsvanar over tid. Den består av tett oppfølging både individuelt og i gruppe. Saman jobbar vi med strategiar og tiltak i kvardagen, og med konkrete mål.

Motivasjon

Familiens, og framfor alt motivasjonen til barnet eller ungdommen for endring, er viktige verktøy for å oppnå å endre levevanar. Vi jobbar derfor etter ein metode som blir kalla motiverande intervju, der vi i endringsarbeidet tar utgangspunkt i motivasjonen til barna og ungdommane og ønsker om å gjere endring.

Det er vanskeleg å stå i endringar over tid, derfor er vi ekstra klare over å bruke familiane sine eigne erfaringar og ønsker om endring i arbeidet med å finne motivasjon for å stå i endringsarbeidet.

Konkrete mål

Det lønner seg å sette heilt konkrete mål for ny åtferd som kan føre til ein varig vektreduksjon. Eit eksempel på dette er at barnet bestemmer seg for å gå eit rask 30 minuttars tur kvar dag uansett vêr, men også har eit konkret alternativ dersom det blir uvêr.

Sjølvovervaking

Før dei nye vanane er innarbeidde, er det viktig å lage ei systematisk oversikt over matinntaket. Oversikta bruker vi som hjelp til å bli klar over vanar og endring av livsstilen. Deretter er det viktig å tore å vege seg, for desse resultata bruker vi til å justere matinntak og fysisk aktivitet (sjølvovervaking/sjølvmonitorering).

Stimuluskontroll

Det er viktig å forstå kva for nokre ytre faktorar (stimuli) som kan utløyse overeting, som for eksempel lett tilgjengeleg sjokolade eller snacks på bordet. Jo meir svolten du er, jo større er sjansen for at freistingane kan påverke dine val. Eit eksempel er å gå i butikken når det er lenge sidan ein har ete.

De bør redusere eller fjerne freistingane, eller påskjønne på andre måtar dersom barnet klarer å la vere å forsyne seg.

Redusert kaloriinntak

Fedme hos barn og unge blir også regulert gjennom å redusere kaloriinntaket. For barn som framleis skal vekse er ofte målsettinga stabil vekt, mens for ungdom er målsettinga ein reell vektreduksjon. Det finst mange ulike diettar, som for eksempel lågfeitt-, lågkarbo-, høyprotein-, eller låg glykemisk indeks.

Forsking har likevel vist at diettane ikkje gir ulike effektar på varig vekttap (lengre enn 2 år). For barn og ungdom anbefaler vi å følge Helsedirektoratets kosthaldoppfordringar. Ungdom kan oppnå varig vektreduksjon ved å redusere kaloriinntaket med 500–1000 kaloriar per dag eller avgrense seg til eit totalinntak på 1200-1800 kaloriar dagleg.

Fysisk aktivitet i fedmebehandling

For å sikre varig vekttap er det viktig med regelmessig fysisk aktivitet, og det er aldri for seint å begynne. Det blir anbefalt minimum 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Aktiviteten bør vere variert og intensiteten både moderat og høg.

Fysisk aktivitet utover 60 minutt dagleg gir enda større helsegevinstar. Minst tre gonger i veka bør aktiviteten vere med høg intensitet, og inkludere aktivitetar som gir auka muskelstyrke og styrker skjelettet.

 

Aktivitetane bør vere så allsidige som mogleg for å sikre best mogleg utvikling. Dei bør påverke både kondisjon, muskelstyrke, fart, rørsle, reaksjonstid og koordinasjon. Variert fysisk aktivitet gir høve til å utvikle både fin- og grovmotorikk.

Gode aktivitetar for barn og unge er for eksempel leik inne og ute, kroppsøving, idrett og friluftsliv. Det er også fint å gå, sykle eller å bruke sparkesykkel. Legg til rette for glede, sosialt felleskap og meistring gjennom alle fire årstider.

På helsenorge.no finn du forslag til aktivitetar for barn og unge

Det er også viktig å prøve å redusere tida barnet sit heilt stille. Helsemyndigheitene har komme med oppfordringar til barn, unge, vaksne og eldre om å redusere tida i ro i løpet av dagen. All rørsle er positiv.

Mange bruker ein stor del av dagen i ro, for eksempel med å sjå på tv, nettbrett eller annan «skjermtid», lesing eller sitte i bil/buss. Tida som blir nytta stillesittande framfor ulike skjermar aukar med stigande alder. Faste rammer er lett å forhalde seg til for både vaksne og unge, og det å tidsavgrense dagleg skjermaktivitet kan vere ei god løysing.

Det viktigaste når barnet skal komme i gang med fysisk aktivitet er å velje ein aktivitet barnet liker. Da aukar sjansen for at barnet trivst og fortset å vere fysisk aktiv.

Mange har avgrensingar med tanke på kva kroppen toler av aktivitet. Vi anbefaler at barnet gjer det det klarer. Når vekta går ned, er det viktig auke aktivitetsnivå i takt med kva kroppen toler. Kanskje kan barnet nå drive med noko det har hatt lyst til lenge? Mange kommunar har frisklivssentralar som kan hjelpe dykk å komme i gang.

Frisklivssentralen kan for eksempel tilby samtalar, trening og matkurs.

Snakk med fastlegen om det finst eit slikt tilbod i kommunen deira, eller gå inn på nettsida til kommunen. Sjekk også ut kva som finst i nærmiljøet av idrettslag, pasientorganisasjonar og treningsgrupper.

Støttebehandling

Det er utfordrande å gjere endringar i kosthald og aktivitet. For mange trengst stor innsats over tid, men for somme er ikkje rettleiing nok for å oppnå dei resultata som trengst. Da kan det vere aktuelt med støttebehandling.

Medikamentell behandling

Behandling med medisinar som reduserer svolt og aukar mettheit kan for nokon vere nødvendig for å oppnå endringar. Slik behandling er godkjent for ungdom etter fylte 12 år, og behandlarane våre kan saman med familien vurdere om det er aktuelt.

Kirurgisk behandling

For enkelte, når all anna behandling er freista utan tilstrekkelege hjelpa og fedmen utgjer ein stor risiko for helsa, kan kirurgisk behandling vere nødvendig for å oppnå vektnedgang. Behandlarane våre har erfaring med oppfølging av barn og ungdom med alvorleg fedme, og kan vurdere om kirurgi kan vere ei aktuell behandling som kan gjere det lettare å ete mindre.

Etter

Mange har erfart at vektstabilisering etter vekttap er vanskeleg. Kroppen har ei rekke innebygde forsvarsmekanismar mot vekttap, og desse har gode metodar for å føre vekta opp igjen. Dei som har gått mykje ned i vekt blir meir svoltne, får meir lyst på usunn mat og får lågare forbrenning (spareblusseffekten). Dette gjer det mykje lettare å legge på seg igjen.

De bør derfor legge ein god plan for kva som må til for å stabilisere vekta etter ein vellykka vektreduksjon. Dette inneber praktisk planlegging, oppfølging hos fastlegen og bruk av sosiale nettverk, venner og familie for å få støtte til livsstilsendringane som er nødvendige. Spesielt for barn og ungdom er det nødvendig at vanane blir haldne oppe i heile familien.

Å halde oppe gode levevanar etter vektreduksjon er ein livslang krevjande prosess, og de bør førebu dykk på at det kan bli vanskeleg i periodar. Dersom barnet får tilbakefall eller nye problem kan de tilvisast til sjukehuset på nytt.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barne- og ungdomsavdelinga

Kontakt Barne- og ungdomsavdelinga

Oppmøtestad

Vår avdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.