Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Lyskebrokk hos vaksne, operasjon

Operasjon er det einaste behandlingsalternativet for brokk. Dersom det ikkje er teikn til avklemming av tarmen, kan legane anbefale at du ventar  med operasjon. Eldre personar med lite plager kan unngå operasjon heilt.

Tilvising og vurdering

Du blir tilvist frå fastlegen til ein kirurg på sjukehuset.

Før

Ein kirurg undersøker deg poliklinisk for å slå fast om kulen faktisk dreier seg om eit brokk. Dersom dette framleis er uklart etter den kliniske undersøkinga kan det bli nødvendig med ultralyd eller CT-undersøking. Du får samtidig informasjon om moglege operasjonsmetodar og komplikasjonar.


​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Du blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjonen får du snakke med anestesilege og kirurgen som skal operere deg. Anestesilegen avgjer i samråd med deg og kirurg om du skal ha narkose, ryggbedøving eller lokalbedøving.

Under

Det er fleire metode for å operere lyskebrokk. Sjølve operasjonen tar ca 1-2 timar avhengig av operasjonsmetoden.  Operasjonen blir vanlegvis utført på dagtid utan innlegging.

Ved kikkholskirurgi lager kirurgen eit lite kutt ved navlen. Kuttet er omtrent ein centimeter langt. Kirurgen fører eit laparoskop gjennom opninga. Laparoskop er eit instrument med lys og kamera, som gjer det mogleg å sjå inn i bukhola og i bukveggen via ein videoskjerm. Samtidig blir det laga eitt eller fleire kutt lenger ned på magen for å kunne føre inn operasjonsinstrument. Ved operasjonsmetodane som er kalla TAPP og TEP blir eit nett plassert på innsida av bukveggen for å forsterke det svake området og forhindre at du får eit nytt brokk.  Operasjonen må gjerast i narkose. 

Ved open kirurgi blir det laga eit snitt på fem til ti centimeter i lyskeområdet. Kirurgen dytter brokkinnhaldet inn, og vanlegvis blir brokksekken fjerna. Eit nett kan bli plassert over det svake punktet for å forhindre at brokket kjem fram igjen. Operasjonen kan gjerast i narkose, ryggbedøving eller i lokalbedøving.

Etter

Etter operasjonen blir du passa på til du vakner, og du får mat og drikke.

Før du reiser heim får du munnleg og skriftleg informasjon. Du får med deg nokre smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukmelding. Du kan ikkje køyre bil eller betene maskiner første døgnet etter operasjonen. Sjukehuset med transport heim, om det er nødvendig.

Etter operasjonen skal du unngå tunge løft i ca. 4-6 veker. Vi anbefaler at du startar med lett fysisk aktivitet så snart som mogleg etter operasjonen.

Ver merksam

Litt hevelse, raudleg farge og smerte som stikkingar i såret er ikkje uvanleg den første tida etter operasjonen. Viss smertene ikkje går over og det siver væske frå såret bør du kontakte fastlegen din eller sjukehuset. 

Kontakt

Odda sjukehus Operasjon Odda

Kontakt Operasjon Odda

Oppmøtestad

Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.