Diagnose
Magekatarr
Betennelse i slimhinna til magesekken kallar vi magekatarr (gastritt). Typiske teikn på magekatarr kan vere smerter eller ei brennande/svidande kjensle i øvste del av magen, opp mot brystbeinet.
Årsaker
Magekatarr/gastritt er eit samleomgrep for fleire typar betennelse i slimhinnene til magesekken.
Akutt gastritt
– går som regel over av seg sjølv eller kan behandlast med medisin. Årsaka kan vere annan sjukdom eller inntak av stoff som irriterer slimhinna i magesekken, som alkohol, røyk, eller ein type betennelsesdempande medisinar vi kallar NSAIDS.
Langvarig (kronisk) gastritt
– kan komme av bakteriar eller autoimmune reaksjonar. Det kan behandlast, men ikkje bli kurert.
Dersom du er kalla inn til time/undersøking, ta med oppdatert liste over medisinar du brukar.
Tilvising og vurdering
Dersom du har symptom på magekatarr, ta kontakt med fastlegen din. Han eller ho vil vurdere kva tiltak som er aktuelle for deg. Ved sterke eller vedvarande symptom vil fastlegen kunne be om at du blir undersøkt på sjukehuset.
Utgreiing
Det er vanleg at gastroskopi er ein del av utgreiinga.
Legen vil også vurdere tilvisingsskjemaet frå fastlegen din, symptoma dine og stille deg spørsmål om helse, livsstil og kosthald.
Behandling
Etter undersøkinga vil sjukehuslegen vurdere om du treng behandling.
Røyk og alkohol kan vere årsaka til eller forverre magekatarr. Dersom du røykjer, bør du slutte med det. Du bør avstå frå eller redusere bruken av alkohol. Som ein del av behandlinga vil legen også kunne gi deg andre råd om endring av livsstil, medisinar og kosthald.
Nokre pasientar treng behandling med antibiotika eller medisinar som regulerer magesyreproduksjonen.
Oppfølging
Dersom det er behov for oppfølging eller kontroll, vil sjukehuslegen informere deg om dette.