Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ME hos voksne (CFS/kronisk utmattelsessyndrom)

CFS/ME (Kronisk utmattingssyndrom/Myalgisk encefalopati) er ein sjukdom utan kjend og eintydig årsak. Typisk for sjukdommen er at alle symptom blir forverra etter alle former for aktivitet utover tolegrensa til pasienten. Dette blir kalla PEM (post-exertional malaise). Utgreiinga blir gjord ved å kartleggje sjukehistoria di og symptombiletet ditt, utelukking av differensialdiagnosar, og dessutan vurdering ut frå tilrådde kriteriesett.

CFS/ME er en sykdom som rammer i ulik grad og er uten kjent årsak. Hovedsymptomet er langvarig utmattelse.

Les meir på helsenorge.no

Diagnose

Ifølgje Helsedirektoratets rettleiar skal fastlegen ha ei viktig rolle i utgreiing av CFS/ME. Det er oppgåva til fastlegen å gjennomføre ei primærvurdering av deg og å setje i verk tiltak basert på denne. Du kan bli tilvist frå fastlege til spesialisthelsetenesta når fastlegen finn det vanskeleg å stille diagnosen. Diagnosen CFS/ME bør berre stillast når diagnosekriteria er oppfylte, og det ikkje ligg føre nokon eksklusjonskriterium.

Det finst mange kriteriesett. I tråd med nasjonal rettleiar for CFS/ME kan både Canada 2003- og Fukuda CDC 1994-kriteria nyttast i utgreiing av vaksne (barn har andre kriterium). I forkant av tilvising krevst det at fastlegen har utført ei grundig primærvurdering med omsyn til utestengingsdiagnostikk og skåring av valde kriteriesett.

Nasjonal rettleiar – Pasientar med CFS/ME – Utgreiing, diagnostikk, behandling, pleie og omsorg

 

Tilvising og vurdering

Tilvisinga skal primært sendast av fastlegen din. Alle innkomne tilvisingar blir vurderte, og dersom du blir vurdert til å ha rett til helsehjelp blir du sett på venteliste. For at du skal få raskast og best mogleg utgreiing er det viktig at fastlegen gjer dei nødvendige undersøkingane på førehand og sender oss all informasjon vi treng om deg.

Personalia pasient

  • namn, personnummer
  • adresse
  • telefonnummer

Kontaktopplysingar frå den som tilviser

  • fastlege, legesenter
  • adresse, telefonnummer (gjerne direktenummer)

Tilvisingsårsak

  • Kva blir ønskt av oss, kva utgreiing?
  • Kva poliklinikk blir vist pasienten til?

Kva utgreiing/behandling er gjennomført, og kva effekt hadde han?

  • Tidlegare diagnosar? Noverande diagnostikk?
  • Dersom pasienten er greidd ut av andre (fysioterapeut, psykolog, psykisk helsevern) skal epikrise leggjast ved.
  • Noverande behandlingstilbod?
  • Har pasienten krav på, og er det starta arbeid med individuell plan? (vedlegg)

Beskriving av pasient, sjukdomshistorie, tilstand og dagleg funksjonsnivå

  • Vekt, høgd, (BMI)
  • Kva symptom har pasienten, varigheit og utløysande årsaker?
  • Blir det nytta medikament? Kva for nokre, og kva dose?
  • Bruk av rusmiddel (alkohol, medisinar, narkotiske stoff)?
  • Er det gjort ei vurdering av blodprøvar, er prøvane innanfor referanseområdet?

Korleis er arbeidsstatusen til pasienten?

  • Kort om utdanning og tidlegare arbeidserfaring.
  • Har pasienten jobb, i så fall kva jobb og kor stor stillingsdel?
  • Får pasienten inntektssikring via NAV på grunn av helseplager, i så fall kva yting og prosentdel (sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller uførepensjon)?
  • Korleis er pasienten sin eigen motivasjon når det gjeld å komme seg tilbake i jobb/auke arbeidskapasitet?

Korleis er pasientens heime-, familie-, sosiale forhold?

  • Barn, sambuar/ektefelle?
  • Kven bur pasienten saman med?
  • Har pasienten nokon pågåande belastingar som kan relaterast til anna enn det aktuelle?

Dersom pasienten er framandspråkleg, må det i tillegg opplysast om:

  • nasjonalitet
  • språk
  • kjønn
  • behov for tolk

Primærvurdering og skåring av kriterium:

I forkant av tilvising krevst det at fastlegen har utført ei grundig primærvurdering med omsyn til utestengingsdiagnostikk og skåring av anten Canada- eller Fukuda-kriterium.

Utdrag frå rettleiaren frå Helsedirektoratet (juni 2015):

Utgreiinga og diagnostisering av vaksne blir utført av fastlegen, fortrinnsvis av spesialist i allmennmedisin (sjå kapittel 5). Ved uklare differensialdiagnostiske problemstillingar bør fastlege vise til relevante spesialistar for å komplettere utgreiinga, men dette er ikkje nødvendig for at diagnosen CFS/ME blir stilt.

Diagnosen er ein eksklusjonsdiagnose, men med eit karakteristisk sjukdomsbilete. Diagnosen kan ikkje alltid stillast sjølv om diagnosekriteria er oppfylte då andre sjukdommar og tilstandar også kan gi CFS/ME liknande symptom. Det er derfor viktig å utelukke andre tilstandar som til dømes cøliaki, hypo/hyperthyreose, nevrologiske sjukdommar, primære søvnforstyrringar og psykiske lidingar. Ein må også hugse på at pasientar med CFS/ME kan ha andre sjukdommar i tillegg.

Vurdering i forhold til differensialdiagnosar, komorbiditet og avdekking av belastande faktorar er viktig både for å hindre feildiagnostikk og for å sikre rett behandling. Det er også viktig å kartleggje pågåande psykososiale belastingar som kan vere med på å halde ved like og/eller forverre funksjonen. Klinisk erfaring tilseier at det bør gjerast ei brei utgreiing når ein mistenkjer CFS/ME, både for å hindre feildiagnostikk, men også for å tryggje pasienten på at andre igangverande sjukdomsprosessar er utelukka.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.