Diagnose
ME hos voksne (CFS/kronisk utmattelsessyndrom)
CFS/ME (Kronisk utmattingssyndrom/Myalgisk encefalopati) er ein sjukdom utan kjend og eintydig årsak. Typisk for sjukdommen er at alle symptom blir forverra etter alle former for aktivitet utover tolegrensa til pasienten. Dette blir kalla PEM (post-exertional malaise). Utgreiinga blir gjord ved å kartleggje sjukehistoria di og symptombiletet ditt, utelukking av differensialdiagnosar, og dessutan vurdering ut frå tilrådde kriteriesett.
Diagnose
Ifølgje Helsedirektoratets rettleiar skal fastlegen ha ei viktig rolle i utgreiing av CFS/ME. Det er oppgåva til fastlegen å gjennomføre ei primærvurdering av deg og å setje i verk tiltak basert på denne. Du kan bli tilvist frå fastlege til spesialisthelsetenesta når fastlegen finn det vanskeleg å stille diagnosen. Diagnosen CFS/ME bør berre stillast når diagnosekriteria er oppfylte, og det ikkje ligg føre nokon eksklusjonskriterium.
Det finst mange kriteriesett. I tråd med nasjonal rettleiar for CFS/ME kan både Canada 2003- og Fukuda CDC 1994-kriteria nyttast i utgreiing av vaksne (barn har andre kriterium). I forkant av tilvising krevst det at fastlegen har utført ei grundig primærvurdering med omsyn til utestengingsdiagnostikk og skåring av valde kriteriesett.
Nasjonal rettleiar – Pasientar med CFS/ME – Utgreiing, diagnostikk, behandling, pleie og omsorg
Tilvising og vurdering
Tilvisinga skal primært sendast av fastlegen din. Alle innkomne tilvisingar blir vurderte, og dersom du blir vurdert til å ha rett til helsehjelp blir du sett på venteliste. For at du skal få raskast og best mogleg utgreiing er det viktig at fastlegen gjer dei nødvendige undersøkingane på førehand og sender oss all informasjon vi treng om deg.
Utgreiing
Utgreiing og diagnostisering av vaksne blir utført av fastlegen, fortrinnsvis av spesialist i allmennmedisin. Fastlege kan tilvise til relevante spesialistar for å komplettere utgreiinga, når det oppstår diagnostiske problemstillingar. Tilvising til spesialisthelsetenesta er som regel ikkje nødvendig for at diagnosen CFS/ME blir stilt.
Pasienter som blir henvist til Helse Fonna får i hovedsak utredning hos psykiater Bjarte Stubhaug ved Senter for stressmedisin i Sveio.
Behandling
Det finst ikkje dokumentert standard behandling som kan kurere CFS/ME pr i dag. Målet er å søkje behandlingar og strategiar som kan lindre ubehagelege symptom, bidra til konstruktiv meistring og betre funksjonen og livskvaliteten din. Lærings- og meistringskurs er ein del av pasient- og pårørandeopplæringa. Tilbodet finst i alle helseregionar.
Oppfølging
Både du sjølv og den som tilviste deg får informasjon om utfallet av utgreiinga. Tilvisaren vil få ei vurdering av kva tiltak som er tilrådde for deg.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund