Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Menisksutur/sying av menisk i narkose

Menisken på innsida av kneet (medial menisk) er ein viktig støytdempande struktur i kneleddet. Det er derfor svært viktig å reparere skadar i indre menisk når det er mogleg, for å unngå tidleg utvikling av slitasje i kneet.

Meniskene ligger som to små støtdempere inne i kneet. En meniskskade er en liten eller stor rift i en av meniskene.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Ein indre meniskskade er vanlegare enn skade på den ytre (laterale) menisken, fordi han er fastare festa i leddkapselen. Ein akutt indre meniskskade kan ofte skje samtidig med ein fremre korsbandskade.

Symptom på ein indre meniskskade:

  • smerte
  • hevelse og stivleik som aukar på over dei første dagane
  • kjensle av at kneet hektar seg opp eller låser seg

Tilvising og vurdering

Dersom du har ein meniskskade, og opplever at kneet låsar seg, bør du tilvisast for utgreiing og behandling.

I henvisningsteksten ønskjer vi informasjon om:

  • namn og fødselsdato
  • om pasienten ønskjer operativt tilbod
  • vekt og høgd, dersom operasjon kan vere aktuelt
  • akutt skade eller snikande debut
    • symptom og varigheit
    • detaljert angjeving av smerter (lokalisering, utstrålende, eventuelle smerter andre stader)
    • eventuelle tidlegare operasjonar
    • funn ved kliniske undersøkingar: rørsleutslag, svikt, låsing, stabilitet, heving, kraft, nerveutfall?
  • bildediagnostikk:
    • resultat av bildediagnostikk, når og kvar er dette utført?
    • pasientar over 50 år med smerteplager:
      • røntgen med belastning er førsteval
      • artrosevurdering.
    • MR berre hos pasientar med sikre mekaniske plager og/eller yngre med akutte oppståtte plager.
  • behandling utført og effekt av denne (for eksempel fysioterapi)
  • yrke og sjukemeldingsstatus
  • faste medikament
  • andre sjukdomar
  • behov for tolk

Før

Du får eit innkallingsbrev der du får informasjon om møtetid og eventuelle førebuingar. Les dette brevet nøye.

Slik fastar du

Før operasjonen/undersøkelsen må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjonen/undersøkinga skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Dei siste 2 timane skal du unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhaldet og magesyra. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: vatn, saft, juice utan fruktkjøtt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelgje medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, drops og tyggegummi, snus og røyk: stoppast 2 timar før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her, må personalet få vite det.

Hygiene

Dusj og vask håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.

  • Ikkje ta på hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
  • Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, neglelakk og piercingar før operasjonen. Dersom piercingar eller liknande ikkje er fjerna, kan du risikere at dei blir klipte.
  • Briller og høyreapparat kan du ha på.

Under

Operasjonen blir gjort i narkose og kan vare i om lag 1 time. Narkose er den vanlegaste forma for bedøving. Du får sovemedisin direkte i ei blodåre, sovnar raskt og kjenner ikkje smerte under operasjonen.

Vi undersøkjer først kneleddet på innsida ved å bruke artroskopi (kikkholsteknikk). Då kan vi sjå skaden og eventuelt reparere/sy menisken dersom det er mogleg. Er det ikkje mogleg å sy menisken, vil det gjelde andre forholdsreglar. Sjå lenke til kneskopi i narkose.

På framsida av kneet blir det laga to eller tre snitt på om lag ein centimeter, der kikkert og instrument blir førte inn. Det blir skylt med saltvatn for å få betre oversikt. 

 

 

Etter

Eit nyoperert kne vil gjere vondt, men smerteopplevinga vil variere frå person til person. Nokre smerter må du rekne med etter operasjonen, spesielt når bedøvinga går ut. Bruk smertestillande som avtalt ved heimreise. Smertene vil normalt avta etter nokre dagar. Det kan vere smerte og heving i kneet i 4-6 veker etter operasjonen.

Vanlegvis er det ingen sting, berre nokre små hol. Dersom det er sting som skal fjernast, vil du få beskjed om dette. Du får bandasjar på såret, og du får nøye informasjon om behandling av såret og bandasjane før du reiser heim. Du kan ikkje bade før såra har grodd (ca. 2-3 veker).

Legen vil gi deg spesifikk informasjon om forløpet når det gjeld avgrensing, opptrening og fysikalsk behandling.  Dei første dagane anbefaler vi at du sit med kneet høgt og har minst mogleg aktivitet. Dette er for å motvirke press og heving. Men det er viktig å bevege foten, frå ankelen og ned, og bøye kneet etter avgrensingane som er gitt, fleire gonger om dagen, for å unngå blodpropp og at kneet stivnar.

Det er ulike restriksjonar avhengig av kva del av menisken som blir sydd. Det er derfor viktig å følgje instruksjonane du får frå legen. Det er vanleg å gå med krykker i ca. 4-6 veker, og det er vanleg å gå tilbake til idrettsaktivitet 6-12 månader etter operasjonen.

Du skal ikkje sitte på huk før det har gått 3 månader.

Sjukemeldinga brukar å vere ca. 6-12 veker.

Med tanke på bilkøyring, kjem dette heilt an på kva fot du har operert og kva restriksjonar du får.

Ver merksam

Du vil få informasjon om kven du skal kontakte dersom du opplever teikn på infeksjon eller blodpropp, som til dømes rødme, heving, feber eller dunkande/aukande smerter.

Sist faglig oppdatert 21.01.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Dagkirurgi Haugesund
Ventetid: 12 - 24 uker

Ventetid: 12 - 24 uker

Kontakt Dagkirurgi Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Når du kjem inn hovudinngangen, ta til høgre og gå forbi Narvesen kiosken og vidare inn til operasjonsavdelinga.

Registrering av oppmøte

Du melder oppmøtet ditt via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Meld deg deretter i resepsjonen i operasjonsavdelinga for å seie frå at du er komen.

Vent i ventesone 1F til du blir kalla inn.

 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

12 uker til utredning

12 uker til dagbehandling (24 totalt)

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.