Dersom du dei siste 2 vekene har hatt, eller har ein pågåande luftvegsinfeksjon med feber eller er tydeleg forverra av astmaen din, vil det vere aktuelt å utsette testen. Det same dersom du nyleg har hatt store allergiske plager. Det er for at resultatet av testen skal bli mest mogleg rett.
Ved denne testen må det vere opphald av følgande medisinar før testen (dersom ikkje anna er avtalt med lege på førehand):
- Montelukast/Singulair: 4 døgn
- Antihistamin som Cetirizin/Zyrtec, Aerius, Clarityn, Tavegyl, Polaramin m. fleire: 72 timar
- Førebyggande inhalasjonsmedisinar som: Oxis, Serevent, Seretide, Symbicort: 36 timar
- Hurtigverkande inhalasjonsmedisinar som: Airomir, Atrovent, Bricanyl, Buventol, Ventoline: 8 timar
