Epistaxis
Nasebløding
Nasebløding (epistaxis) er arteriell eller venøs bløding frå slimhinna i nasen, gjennom nasebor eller til svelget. Dette førekjem hos opptil 60 prosent av befolkninga i løpet av livet. Blødingane stoppar som regel spontant. Ved hyppige naseblødingar kan det vere aktuelt å bli behandla med etsing/brenning, tamponade ved større blødingar eller eventuelt kirurgisk behandling i sjeldnare tilfelle.
Årsaker
Som regel er naseblødingar ei plage og ikkje eit eigentleg medisinsk problem. I sjeldne tilfelle kan det vere symptom på underliggande sjukdom. Tilstanden førekjem hyppigast blant barn under ti år og blant vaksne over 50 år, men nasebløding opptrer på alle alderstrinn.
Blant barn og unge oppstår nasebløding vanlegvis på fremre del av naseskilleveggen, like på innsida av nasen. Det kan også oppstå djupare inne i nasen.
Blødingar langt inne i nasen er ganske sjeldne og kan komme av stive blodårar eller høgt blodtrykk. Desse blødingane startar av seg sjølve og er ofte vanskelege å stoppe. Dei krev spesialistbehandling.
Tilvising og vurdering
Både fastlegar og spesialistlegar kan vise deg til denne utgreiinga/behandlinga.
Utgreiing
Nasebløding krev som regel inga utgreiing, og dei færraste søker lege. Ved kraftige blødingar, blødingar som ikkje vil stanse eller som stadig kjem tilbake, er det aktuelt å konsultere lege som vurderer eventuell vidare tilvising til øyre-nase-hals-spesialist.
I nokre få tilfelle kan det vere nødvendig å ta enkelte blodprøver for å finne ut av moglege årsaker til blødingane. Dette gjeld likevel berre eit fåtal av pasientane, dei som opplever stadige naseblødingar. Legen vil også måle blodtrykket. Blodfortynnande medikament aukar risikoen for naseblødingar.
Det finst ikkje medikament mot nasebløding. Er du plaga med gjentatte blødingar langt framme i nasen, er det mogleg for ein lege å brenne eller etse blodårane, for å hindre nye blødingar.
Behandling
Fremre lokaliserte blødingar behandlar vi normalt med etsing/brenning.
Ved ikkje lokalisert bløding som er spesielt vanskeleg å stoppe, vil legen legge inn ein tampong som legg eit konstant trykk mot den blødande blodåra. Ein slik tampong må stundom ligge inne i eit par dagar, unntaksvis enda lenger. Denne typen behandling blir kalla fremre tamponade.
Dersom blødinga framleis ikkje stoppar, tyder det på at blødinga skjer langt bak i nasen. Da er det aktuelt med såkalla bakre tamponade. Denne situasjonen oppstår forholdsvis sjeldan, og krev vanlegvis sjukehusinnlegging. I unntakstilfelle blir det nødvendig med kirurgisk behandling for å stanse blødingane.
Oppfølging
Legen vil gi deg råd om korleis du skal forhalde deg etter undersøking og behandling, og kva slags oppfølging som trengst ut frå sjukdomsbildet.
Ver merksam
Søk akuttmedisinsk hjelp dersom:
- Blødinga varer lengre enn 15–30 minutt trass tilstrekkeleg klemming på fremre del av nasen.
- Du kjenner deg svak og vil svime av, noko som kan komme av eit stort blodtap.
- Blødinga er kraftig og blodtapet er stort.
- Du kjenner det er vanskeleg å puste.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak, Haugesund
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00