Ved oppstart og tilpassing av non-invasiv ventilasjon blir du lagd du inn på lungemedisinsk avdeling i 1–2 døgn.
Den første natta gjer vi stundom fleire undersøkingar før behandling startar. Det kan for eksempel vere undersøking av pusten din under søvn. Vi prøver ut maske og maskin på dagtid før vi prøver behandling under søvn.Non-invasiv ventilasjon
Om du treng pustestøtte og ikkje er i narkose kan du få dette via ei maske. Dette blir kalla non-invasiv ventilasjon. Maska er tilkopla ein enkel respirator som enten heila eller delvis hjelper deg med å puste. Fordelen med maske er at det er enklare å bruke enn invasiv ventilasjon (eit plastrøyr i halsen som er kopla til respirator). Maska er god å bruke når det trengst pustestøtte delar av døgnet, oftast om natta.
Det finst nasemasker, ansiktsmasker, oralmasker og naseproppmasker. Det er mogleg å spesialstøype nasemaske om vi ikkje finn nokon som passar. Hos enkelte pasientar som også har behov for pustestøtte i periodar på dagtid, kan pustehjelp via eit munnstykke vere ei moglegheit.
Før
Under
Non-invasiv behandling vil vanlegvis vere ei livslang behandling.
Det kan vere utfordringar med tilpassing av maske på grunn av ansiktsform. Maska kan vere vanskeleg å få tett, og dermed blir stramma slik at det kan oppstå trykksår. Det kan derfor vere ein fordel å ha to ulike masker å byte imellom.
Gjer det vondt?
-
Maskebehandlinga kan gi tørre slimhinner i munn og nase. Dette gir seg i mange tilfelle etter nokre dagar, men av og til treng vi å bruke eit fuktefilter eller ein fuktar.
-
Lekkasje rundt maska kan vere ubehageleg og laga støy. Dette blir betra med korrekt masketilpassing.
-
Nokon kan få smerter i øyre og biholer. Det er ikkje farleg, og går vanlegvis over etter nokre dagar.
-
Gnag på naserygg av maske kan skje viss maska sit for stramt eller er feil tilpassa. Det blir løyst ved korrekt masketilpassing.
Etter
Etter heimreise blir du følgd opp av eit LTMV-team. Kontrollar blir avtalte individuelt.
Ver merksam
Det er ikkje infeksjonsrisiko knytt til bruk av maske.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Intensivavdelinga, Haugesund
Oppmøtestad
Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.
For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund