Framre korsband er eit leddband som er viktig for å styre bevegelsen i kneet og forhindre at leggen glir framover. Det er også viktig for å kontrollere rotasjonen i kneet.
I nokre tilfelle ved korsbandskader kan det også menisken bli skadd. Dersom du får sydd menisken i tillegg til å få rekonstruert nytt korsband, vil du få eigne restriksjoner.
Du får eit innkallingsbrev der du får informasjon om møtetid og eventuelle førebuingar. Les dette brevet nøye.
Slik fastar du
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjonen/undersøkinga skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Dei siste 2 timane skal du unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhaldet og magesyra. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: vatn, saft, juice utan fruktkjøtt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelgje medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: stoppast 6 timar før
- Klare væsker, drops og tyggegummi, snus og røyk: stoppast 2 timar før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom desse tidene som står her, må personalet få vite det.
Hygiene
Dusj og vask håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
- Ikkje ta på hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
- Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, neglelakk og piercingar før operasjonen. Dersom piercingar eller liknande ikkje er fjerna, kan du risikere at dei blir klipte.
- Briller og høyreapparat kan du ha på.








