Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

eBehandling

Panikkliding - internettbehandling

Eit panikkanfall er ei intens kjensle av frykt for at noko forferdeleg skal skje. Under anfallet opplever ein eit sterkt kroppsleg ubehag, med symptom som hjartebank, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kvalme/uroleg mage, kjensle av uverkelegheit eller svimmelheit. Mange får panikkanfall berre ein gong, for andre kan det skje igjen. Opplever du at panikkanfalla eller redsla for nye anfall påverkar livskvaliteten din, finst det behandling som kan hjelpe deg.

Et panikkanfall kan virke skremmende, men varer sjelden mer enn noen minutter og er helt ufarlig. Det finnes god behandling.

Les meir på helsenorge.no

eBehandling

I eBehandling får du tilgang til eit kunnskapsbasert behandlingsprogram via PC, nettbrett eller mobil, samstundes som du blir følgt opp av ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Dette er ei form for  internettbehandling  med fagleg rettleiing.

Les meir om eBehandling på helsenorge.no

Innhaldet i eBehandling for panikkliding

Hendene til en person som bruker en bærbar datamaskin, og skjermen med bilder fra eBehandlingsprogrammet
Programmet for eBehandling

 

Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi, ei terapiform som fokuserer på korleis kroppslege reaksjonar, tankar og handlingar påverkar korleis vi har det. Målet er å gi deg innsikt i kva som bidrar til panikkanfalla, og korleis du kan meistre angsten. Du lærer korleis du kan gjere eksponering mest mogleg effektivt. Du lærerogså korleis du kan kjenne igjen og endre handlingar og tankemønster som opprettheld angsten.

Innhaldet i eBehandling er mykje av det same som du får ved behandling av panikkliding ansikt til ansikt. Forsking viser at denne typen behandling kan vere like effektiv.

Tilvising og vurdering

Korleis få tilod om eBehandling for panikkliding?

  • Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ønskjer vi at du søker i samråd med behandlaren din.
  • Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv i tilvisinga at du ønsker eBehandling. Andre legar eller psykologar kan òg tilvise.

I nokre delar av Noreg kan du søkje om eBehandling via Helsenorge (scroll ned til nederst på siden). 

Svar på tilvising

Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjordt, kva som skjer vidare, og om rettane dine.

For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:

Du som bur ein stad tilknytta Helse BergenHelse FonnaHelse FørdeHelse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.

Svar på tilvising

Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.

Før

Dersom vi kjem fram til at du kan ha nytte av  eBehandling, vil du bli kalla inn  til ein vurderingsamtale. Timen kan vere ein videokonsultasjon eller eit møte ansikt til ansikt.  Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.

Før vurderingssamtalen rår vi deg til å lese første kapittel av eBehandling panikklidelse.

I vurderingssamtalen  

Du vil møte ein behandlar frå eBehandling. Saman med deg vil behandlar kartlegge vanskane dine og livssituasjonen din. Du kan også stille spørsmål om ebehandlinga. Saman vil de vurdere om eBehandling vil vere eit godt tilbod for deg.

Under

Behandlinga

Dersom de kjem fram til at tilbodet kan vere noko for deg, kan du starte behandlingen samme dag. Informasjon om innlogging vil du få tilsendt, og du loggar deg på behandlinga med din BankID.

eBehandling er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Den viktigaste delen av behandlinga er å trene på øvingane du får. Øvingane skjer ikkje inne i det digitale programmet, men er oppgåver som du skal trene på i kvardagen din.

Behandlinga for panikkliding inneheld:

  • informasjon om panikkliding
  • eksponering for kroppslege reaksjonar
  • eksponering for ytre situasjonar: agorafobi
  • korleis gjere eksponeringa mest mogleg effektiv
  • å handtere vanskar som kan oppstå ved eksponering, og aksept
  • handtering av tilbakesteg
  • korleis vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida
Bilde av skjermen til appen for eBehandling

 

Samarbeid med din ebehandlar

Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom skriftlege meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren når det passar for deg – til dømes om korleis det har gått med eksponeringa, kva du har tenkt på, og du kan stille spørsmål.

Behandlaren din vil lese det du skriv, gi deg tilbakemeldingar, og støtte deg i arbeidet med behandlinga. Målet er at de saman jobbar mot det som er viktig for deg, og at du får hjelp til å nå dine mål.

Ta med dine næraste

Bilder fra programmet for eBehandling

 

Det kan vere til god hjelp for deg å fortelje, og gjerne også vise dine næraste, kva du arbeider med i behandlinga. Vår erfaring viser at dei som lar pårørande eller ein nær ven ta del i behandlinga, sine  kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane.  

Etter

Når behandlinga er gjennomført, vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Etter dette møtet blir behandlinga  avslutta, men du vil ha lesetilgang til alt innhaldet i 6 månader.

Sist faglig oppdatert 14.11.2025

Kontakt

  • Kontakt Haugaland DPS

    Oppmøtestad

    Vi held til i Haugesund og i Kopervik.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Oppmøtested

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Oppmøtested

    Asaldalvegen 1

    4250 Kopervik

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    En rekke bygninger

    Haugaland DPS

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan brukast.
    Parkering er gratis. 

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Folgefonn DPS

    Oppmøtestad

    Poliklinikk og døgnavdeling på Valen, besøksadresse: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen.
    Poliklinikken i Odda, besøksadresse: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    En bygning med parkeringsplass

    Folgefonn DPS

    Sjukehusvegen 8

    5750 Odda

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.

    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

    Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



    Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.


    Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.


    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.