Behandling, eBehandling
Panikkliding - internettbehandling
Eit panikkanfall er ei intens kjensle av frykt for at det vil skje noko forferdeleg, og med eit sterkt kroppsleg ubehag med symptom som hjartebank, kjenne seg svimmel, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kjensle av uverkelegheit eller kvalme / uroleg mage.
Panikkanfall
Panikkanfall kan forekome i alle formar for angstlidingar. Panikkliding oppstår først når angstanfall går utover dagleg funksjon. Dette innebærer som regel at ein opplever kraftige angstanfall med jevne mellomrom, og at ein er redd for å få desse anfalla. Ein kan ha ei forestilling om at panikkangst er skadelig i seg sjølv, og ein kan ha sterke katastrofetankar knytta til å miste kontrollen eller forstanden, besvime, verte kvelt eller ramma av hjerteinfarkt eller hjerneslag. Frykt for å få nye anfall fører ofte til at ein unngår enkelte situasjoner. Panikkliding har god prognose og vert som regel behandla med kognitiv atferdsterapi eller andre psykoterapeutiske tilnærmingar.
eBehandling
eBehandling behandlar panikkliding med kognitiv atferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og no, og har som mål at den som er i behandling skal lære kva som skapar angst og korleis ein kan meistre han. I behandlinga jobbar ein konkret med bestemte situasjonar som gir ubehag, og korleis ein kan tenkje og handle annleis i desse. Ved å utfordre fastlåste tanke- og atferdsmønster kan vi erfare at kjenslene våre og reaksjonanen til kroppen ikkje er overveldande og at vi meistrar angsten.
Om panikkliding og kognitiv atferdsterapi på kognitiv.no
Behandling via internett
Behandlinga i eBehandling skjer via internett. I staden for å møte opp for å motta behandling ansikt til ansikt ved ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), kan du som går i behandling logge deg inn på våre nettsider kva tid og kvar det passar. Alle som mottek behandling i eBehandling får oppfølging av ein terapeut kvar veke. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.
Behandling for panikkliding i eBehandling varer i 12 veker, og består av 8 kapittel. Kvart kapittel inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.
- Lesestoffet fortel korleis panikkliding oppstår, kvifor angsten ikkje forsvinn av seg sjølv, og kva ein kan gjere for å meistre angsten.
- Øvingane hjelper den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gir opplæring i teknikkar som ein trenar på gjennom behandlinga.
- Spørjeskjemaa måler symptom på panikkliding, og blir brukte for å sikre at behandlinga fungerer.
Behandlinga i eBehandling har same innhaldet som kognitiv atferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden som eBehandling nyttar, blir kalla “rettleidd internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering den den samla forskinga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.
Terapeutveiledet internettbehandling ved psykiske lidelser – en fullstendig metodevurdering (fhi.no)
Tilvising og vurdering
Det er fleire måtar å søkje om behandling i eBehandling:
- Er du allereie i behandling i poliklinikk ved ditt lokale DPS, ønskjer vi at du drøftar tilvisning til eBehandling med behandlaren din og søkjer i samarbeid med han eller ho.
- Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv at du ønskjer eBehandling i tilvisinga. Andre legar eller psykologar kan også tilvise.
For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:
Du som bur ein stad knytt til Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykkje på lenkja Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne lenkja fører deg til helsenorge.no der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på Helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du tilrådd å kontakte den som har tilvist deg, eller søkje andre behandlingstilbod. Fastlegen din blir i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.
Før
Dersom vi vurderer at du kan ha nytte av eit behandlingstilbud hjå eBehandling, vil du bli kalt inn til ein vurderingstime. Vurderingstimen kan gjennomførast som videokonsultasjon eller ansikt til ansikt. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.
Målet med vurderingstimen er å gjennomføre ei utgreiing av vanskane dine, og å gje informasjon om behandlinga. Utgreiing er ein del av all behandling i spesialisthelsetenesta og inneber ei kartlegging av symptoma dine, viktige livshendingar og livssituasjonen din i dag. Utgreiinga vert gjort for å sikre at dei personanen som ønskjer hjelp, får ei behandling som passar.
Før vurderingstimen
Før du møter til vurderingstime, tilrår vi at du besøker nettsidene til sjukehuset for å lære meir om eBehandling. Det første kapittelet i eBehandling er tilgjengeleg for alle, og vil gje deg eit godt inntrykk av om behandlinga passer for deg. Vi tilrår deg å lese dette før vurderingstimen.
Fleire av sjukehusa som tilbyr eBehandling nyttar også ei «pre-kartlegging» via internett før du møter til vurderingstimen. Om dette er aktuelt for deg, vil du motta informasjon om denne og ein SMS med link til kartlegginga ca éi veke før vurderingstimen.
I vurderingstimen
I vurderingstimen vil du bli møtt av ein behandlar i eBehandling. Behandlaren vil stille deg spørsmål om vanskane dine og livet ditt for best mogleg å forstå korleis vanskane dine artar seg. Du kan stille spørsmål om behandlinga og de vil saman vurdere kva som er den beste løysinga for deg.
Under
Behandlingsprogram på nett
Dersom vi vurderer at tilbodet eignar seg for deg, får du tilsendt innloggingsinformasjon til vår behandlingsplattform på nett, slik at du kan starte i eBehandling. Du loggar deg på behandlinga med BankId.
Arbeidet i eBehandling er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren din når det passar for deg, og saman arbeidar de om å finne dei beste tiltaka for deg.
Skriftleg tilbakemelding
I eBehandling arbeider du saman med behandlaren din via tekst. Det betyr at du skriv ned korleis det har gått med ulike øvingar og sender dine refleksjonar og spørsmål til behandlaren din. Behandlaren les gjennom og sender deg tilbakemelding og rettleier deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølginga frå behandlaren skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelige situasjonar, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løysingar som passar din situasjon. Behandlaren vil også hjelpe deg med å skape framgang i arbeidet og utforske korleis du møter kvardagen din. Dette kan innebere at du får konstruktive tilbakemeldingar om korleis du kan møte vanskane dine på nye måtar, slik at du kan få endå meir ut av øvingane og sikrar at du får mest mogleg ut av behandlinga.
Den terapeutiske alliansen
Den terapeutiske alliansen er avgjerande for ein god effekt av behandlinga. I dette omgrepet ligg opplevinga av at du og din behandlar er einig om målet med behandlinga, korleis de skal nå dette målet, og at du føler deg sett, respektert, forstått og støtta. Forsking har gjentatte gongar vist at dess sterkare den terapeutiske alliansen er, dess betre er utfallet av behandlinga. I eBehandling er vi opptatt av å skape ein god og sterk allianse, sjølv om den ikkje foregår i det tradisjonelle terapirommet. Vi verner om å skape gode, forutsigbare og validerande rammer, som kan vere medverkande til at du tek ei aktiv rolle i behandlingsprogrammet og kan føle deg trygg på å sette ord på det som er vanskelig, det du har lyst å unngå og be om hjelp til det du trenge støtte til. Dess meir åpen og deltakande du er, dess større sjanse for at din terapeut kan sjå og forstå og imøtekome dine behov innan dei rammene behandlinga set.
Inkluder dine næraste
Erfaringa vår viser at dei som inkluderer sine næraste i behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane, særleg dersom ein opplever motløyse eller dalande motivasjon. Det kan difor være ei god hjelp å fortelje og å vise kva du arbeider med i behandlinga til dine pårørande eller ein nær ven.
Øving og trening
Den viktigaste delen av behandlinga er øvingane og treninga på desse. Dette arbeidet skjer ikkje inne på nettsidene til eBehandling, men i kvardagen din. Øvingane kan verte tilpassa dine vanskar og har som mål at du lærer nye måtar å møte vanskelege situasjonar på. For å få mest mogleg ut av behandlinga er det jamn trening på øvingane som gjeld. Vi tilrår at du bruker øvingane og teknikkane du lærer, minst éin time kvar dag.
Behandlinga for panikkliding inneheld desse delane:
- informasjon om panikkliding
- eksponering for kroppslege reaksjonar
- eksponering for ytre situasjonar: agorafobi
- meir om eksponering
- korleis gjere eksponeringa mest mogleg effektiv
- å handtere vanskar som kan oppstå ved eksponering, og aksept
- handtering av tilbakesteg
- å vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida
Etter
Når behandlinga er fullført, vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Oppfølginga i programmet vert avslutta, men du vil ha tilgang til alt innhaldet i behandlinga i 6 månedar. Du kan laste ned og skrive ut innholdet om du ønskjer det.
Kontakt
Haugaland DPS, Haugesund
Haugaland DPS, Haugesund
Oppmøtestad
Floravegen 75, 5535 HaugesundHaugaland DPS, Haugesund
Floravegen 75
5535 Haugesund