Diagnose

Psykisk helsevern for utviklingshemma, poliklinikk

Personar med utviklingshemming kan utvikle alle former for psykisk liding. Talet med psykisk liding i denne gruppa er minst like høgt som i den generelle befolkninga.

Diagnosen psykisk utviklingshemning inneber at personen har generelle lærevanskar. Menneske med denne diagnosen har som regel skulefaglege vanskar og behov for bistand på fleire områder i det daglege. Slike vanskar bidreg til auka sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar. Menneske med utviklingshemning kan utvikle alle typar psykiske lidingar som diagnostiserast i det internasjonale klassifikasjonssystemet ICD-10/11.

Utredning og behandling

Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos menneske med utviklingshemming krev ofte kompetanse både på grunnlidinga og psykiske lidingar. Det kan vere naudsynt med heilheitleg utgreiing på grunn av den medfødde eller tidleg erverva psykososiale og medisinske sårbarheita. Den tradisjonelle biopsykososiale forståingsmodellen for psykiske lidingar må derfor utvidast i denne gruppa til også å ta inn dei forhold som følgjer av å ha psykisk utviklingshemming.

Heilheitleg utgreiing av menneske med utviklingshemming inneber blant anna kartlegging av funksjonsnivå/adaptive ferdigheiter, undersøking av årsak til utviklingshemming, kartlegging av symptom på autismespektrumforstyrring, undersøking av somatisk helse og nevrologiske tilstandar, sosiale forhold som livshendinger, om tenestetilbodet er i samsvar med personens behov og undersøking av symptom på psykiske lidingar som er tilpassa personens funksjonsnivå. 

Tilvising og vurdering

For å få behandling treng du tilvising. Fastlegen kan tilvise vidare til spesialisthelsetenest -  anten habiliteringsteneste eller psykisk helsevern. Det eksisterer i dag avdelingar med spesialisert kompetanse retta mot psykiske lidingar hos personar med utviklingshemming og/eller autismespektrumforstyrring.

Slike tenester finst ved desse helseføretaka: Oslo universitetssykehus HF, Vestre Viken HF, Helse Fonna HF, Helse Bergen HF, Nordlandssykehuset HF.

Med utgangspunkt i tilvisinga vil spesialisthelsetenesta gjere ei vurdering om utgreiing og behandling skal starte.

Utgreiing

Psykisk utviklingshemning inneber blant anna påverknad av språklege ferdigheiter i større eller mindre grad. Dette kan gjere det vanskeleg å formidle kjensle, opplevingar, somatiske plager og symptom på psykiske lidingar. Nokre er godt i stand til å formidle slike ting sjølv. Mange veit ikkje korleis dei skal gå fram for å få ei vurdering hos fastlege eller spesialisthelsetenesta, andre er heilt ute av stand til å ordne dette sjølv. Det er viktig at nære personar er tilgjengelig og tar på alvor når personar med utviklingshemming formidlar vanskar og plager, eller har endring i åtferd eller funksjonsnivå. Dette kan bety at det er behov for vurdering hos fastlege og eventuelt spesialisthelsetenesta.

Ei rekke somatiske plager kan gi åtferds- eller funksjonsendringar som kan likne på psykiske lidingar. For eksempel kan mangel på vitamin B12 før til irritabilitet, tiltakslause og trøttheit. Dette er også symptom vi kan sjå ved depresjon.

Før tilvising til psykisk helsevern er det behov for undersøking av somatiske plager og tilstander. Det blir gjort hos fastlege, som sender prøvesvar saman med tilvising til spesialisthelsetenesta når det er behov for vidare undersøking og behandling av psykiske lidingar. 

Behandling

Utgreiing av psykisk liding i normalbefolking baserer seg vanlegvis på tre kjelder: Der personen sjølv fortel om sine plager og symptom, eventuelt observasjon av pasient, undersøking med psykologiske testar og intervju, og samtale med personar som kjenner vedkommande godt (komparentopplysingar). For mane menneske med utviklingshemming vil utgreiing av psykiske lidingar i spesialisthelsetenesta i hovudsak gjennomførast på denne måten. Når den eine hovudkjelda til informasjon om tilstanden er avgrensa, vil utgreiing og diagnostisering i større grad basere seg på observasjon av åtferd i tillegg til informasjon frå nære personar som kjenner personen godt over tid.
 
Det er ei utfordring å legge opp til eit systematisk tenestetilbod all den tid kunnskapsgrunnlaget førebels er avgrensa. Internasjonale erfaringar viser at menneske med utviklingshemming, som med resten av befolkninga, treng differensierte psykiske helsetenester. Det er grunn til å anta at dei fleste menneske med utviklingshemming som har psykisk liding, vil kunne få adekvat hjelp ambulant eller poliklinisk. Ved alvorlege funksjonssvikt, teikn på alvorleg psykiske liding eller suicidalitet kan innlegging vere naudsynt.
 
Internasjonale erfaringar viser at psykiske helsetenester til menneske med utviklingshemming bør bli gitt av tverrfaglege team  med fagpersonar med spesialisert kompetanse relatert til målgruppa. Menneske med utviklingshemming og akutte og alvorlege tilstandar som krev døgnbehandling, blir i dei fleste tilfella innlagt i allmennpsykisk helsevern.
 
Behandling av psykiske lidingar hos menneske med utviklingshemming tek utgangspunkt i ei total kartlegging. Tiltak bør rettast både mot individ, gjennom psykologisk og medikamentell behandling, og mot system – gjennom tilrettelegging av kommunale miljøterapi- og helsetenester. Dette kan i nokre tilfelle innebere at ein viktig del av endringsarbeidet gjerast i miljøet rundt pasienten. I andre tilfelle vil det terapeutiske arbeidet i hovudsak rette seg mot individet, gjennom psykoterapi, støttesamtalar og/eller medikamentell behandling.
 
Familien og fastlege er ein naturleg del av samarbeidet om utgreiing og behandling av psykisk liding hos menneske med utviklingshemming. Gjennom behandlingsforløpet held vi fastlege informert om status i saken, eventuelle endringar i den medikamentelle behandling og om det er behov for anna utgreiing initiert av fastlege. Forløpet i behandlinga evaluerast i spesialisthelsetenesta saman med pasient og eventuelle nære personar og pårørande.

Oppfølging

Etter behandling skrivast epikrise. Her oppsummerast behandlingsforløpet, diagnose, behandling og eventuelt vidare arbeid. Epikrise sendast normalt til fastlege, som har ansvar for den vidare medisinske oppfølginga. Gjennom behandlingsforløpet har spesialisthelsetenesta i mange tilfelle rettelia kommunale omsorgsytarar med tanke på direkte og indirekte tiltak for å sikre vidare betring og å førebygge tilbakefall.