Psykoedukasjon i gruppe, ved bipolar liding
Psykoedukasjon i gruppe er eit behandlingstilbod til vaksne med bipolar liding. Tilbodet inneber at du får undervisning av helsepersonell og høve til å dele erfaringar med andre i same situasjon. Målet er å gi deg meir kunnskap om kva lidinga inneber og korleis du kan meistre kvardagen best mogleg.
Om tilbodet
Psykoedukasjon er systematisk opplæring og formidling av kunnskap om ei psykisk liding. Tilbodet for personar med bipolar liding skjer i grupper med 8-15 deltakarar som møtest kvar veke i cirka tre månader, vanlegvis 2-3 timar kvar gong. Du får nærare informasjon om kor mange gonger gruppa di skal treffast og kor lenge kvart treff varer.
Forsking viser at denne metoden kan bidra til å førebyggje tilbakefall eller redusere symptoma ved ein eventuell ny sjukdomsperiode.
Tilbodet erstattar ikkje anna behandling, men kjem i tillegg til oppfølginga du får av behandlar, fastlege eller anna helsepersonell.
Tilvising og vurdering
Du treng tilvising frå behandlaren eller fastlegen din for å delta på psykoedukasjon i gruppe. Når vi har fått og vurdert tilvisinga, gir vi deg beskjed om du får plass i ei gruppe og når ho startar opp.
Du betaler vanleg eigendel per samling inntil du har nådd grensa for frikort.
Før
Før første samling gir vi deg oversikt over datoar og annan praktisk informasjon.
Under
På samlingane lærer du mellom anna korleis du kan kjenne igjen symptom på bipolar liding. Vi snakkar også om korleis lidinga kan påverke forholdet ditt til andre.
Kvar samling startar med fellesundervisning om det som er dagens tema.
Etter undervisninga pratar vi om ulike tema og spørsmål. Du får høve til å utveksle erfaringar med andre deltakarar, dersom du sjølv ønskjer det. Deling av erfaringar har vist seg å vere lærerikt og nyttig, då det som blir ofte delt er kjend for andre. Deltakarane har teieplikt overfor kvarandre, det vil seie at erfaringane som blir delte ikkje skal formidlast vidare.
Døme på tema vi pratar om er «korleis var det å få diagnosen bipolar liding, og korleis blei diagnosen formidla? Korleis kan ein førebyggingsplan vere eit nyttig verktøy?».
Kvar samling blir avrunda med ei oppsummering. Du får heimeoppgåver mellom samlingane.
Temaa som blir gjennomgåtte varierer noko, men dei fleste gruppene har følgjande tema:
- sjukdomsforståing og forløp av bipolar liding
- kjenneteikn ved mani og depresjon
- meistringsstrategiar
- bruk av medisinar
- livsførsel og regelmessigheit
- meistring av stress
- forhold til familie, venner, arbeid, skule, aktivitet
Etter
Etter siste samling held du fram eventuell anna behandling og oppfølging i samråd med behandlaren eller fastlegen din.