Psykoser hos barn, unge og voksne - mistanke om psykoseutvikling og psykoselidelser, nynorsk
Nasjonale pasientforløp for psykose skal bidra til at dei som treng det, skal få ei rask avklaring om det er ein psykose som treng behandling. Behandlinga skal bli gitt på ein heilskapleg og effektiv måte. Vi legg til rette for medbestemming og for at resultatet av behandlinga skal bli vurdert undervegs.
Pasientforløp
Pasientforløpet startar ved tilvising, som regel frå den kommunale helsetenesta / fastlege eller som vidare utgreiing/behandling etter akuttinnleggingar. Dersom du har teikn til psykose, kan du bli tilvist til pasientforløp for psykose.
Det er spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for tenestetilbodet i pasientforløpet. Undervegs kan du ha periodar med behandling i sjukehus, som døgnpasient ved eit distriktspsykiatrisk senter eller få poliklinisk behandling.
For å sikre at du får god oppfølging har pasientforløpet det som blir kalla forløpskoordinatorar. Koordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørande og kan svare på spørsmål som gjeld timeavtalar og kva som vil skje i forløpet ditt.
Dette er ei skjematisk oversikt over gangen i pasientforløpet og kva det inneheld.

Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist til pasientforløp for psykose når du har eitt eller fleire teikn på psykose.
Ved behov for rask hjelp skal du bli tilvist direkte til akutte tilbod ved psykisk helsevern. Før du blir tilvist, skal den som tilviser, så godt det lar seg gjere kartlegge og vurdere teikna og symptoma dine. Ved kartlegginga skal tilvisar, så langt det er mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i avgjerda, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Kontakt
Haugaland DPS
Haugaland DPS