Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ergospirometri (CPET – Cardiopulmonary Exercise Test) er ei undersøking som måler oksygenopptak, lungefunksjon og arbeidskapasitet. Testen blir utført på ergometersykkel.
For at testen skal gi eit så rett svar som mogleg er det viktig at du:
Nokon medisinar kan påverke resultatet av pusteprøva, derfor bør du alltid på førehand opplyse oss om kva medisin du bruker. Av og til vil det vere nødvendig å pause inhalasjonsmedisinar i ein kortare periode før testen. Det blir gjort ei individuell vurdering i kvart tilfelle. Du vil få beskjed om kor lenge du må pause inhalasjonsmedisinane dine.
Lege og sjukepleiar eller fysiolog er med deg under testen. Dei vil fortelje deg korleis du skal utføre testen. Hjarte- og lungefunksjon, blodtrykk og oksygenmetting blir overvakt undervegs.
Legen ser på resultatet av desse undersøkingane. Om dei ser bra ut, utfører du sjølve ergospirometri-undersøkelsen.
Under undersøkinga har du på deg elektrodar (frå EKG), målar for blodtrykk og oksygenmetting.
Du skal sitte på ein ergometersykkel. Du får på ei maske over nase og munn. Den blir halde på plass av eit feste som du har på hovudet. Maska skal vere tett, men du klarer å puste gjennom henne. Før du startar å sykle spør vi deg om pusten din ved å vise deg ein skala som er eit mål på pust (Borg-skala). Vi gjer dette fleire gonger under undersøkinga.
Når du startar å sykle skal det vere lett å trø. Det vil bli tyngre etter kvart. For at du skal utføre ein god test er det viktig at du pressar deg, elles kan det bli ein test der det blir vanskeleg å få avklart symptoma dine og få ein diagnose. Vi vil spørje deg korleis det går og er med på heile undersøkinga. Blir du trøytt og det gjer vondt i beina, skal du likevel presse deg heilt til du ikkje orkar meir. Etter at testen er ferdig, skal du sitte på sykkelen og trø lett rundt.
Etter undersøkinga vil legen tolke verdiane i forhold til forventa verdiar og sjå dette i samanheng med sjukdomsbildet og andre undersøkingar.
Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund