Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din – både kor mykje luft du får til å puste ut totalt (FVC), og kor raskt du får til å puste ut lufta (FEV1 og PEF).
Vi måler høgda og vekta di før undersøkinga.
For at testen skal gi riktigast mogleg resultat er det viktig at du gjer nokre førebuingar:
Du vil få informasjon om alt dette frå helsepersonell før undersøkinga.
Under undersøkinga skal du sitte på ein stol. Du får på ei naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så fort du kan. Dette skal du gjere fleire gonger. Ein sjukepleiar vil heile tida forklare kva du skal gjere.
Undersøkinga er smertefri, men kan opplevast litt ubehageleg. Den kan vere slitsam, og du kan bli svimmel og få litt hoste.
Om du er tungpusta, og spesielt om testen er unormal, kan vi ta ein ny test for å sjå om pusten blir forbetra etter at du har fått luftvegsutvidande medisinar. Dette blir gjort for å teste verknaden på medisinen på kvar enkelt.
Når pusteprøva er gjennomført fleire gonger, har vi fått tilstrekkeleg informasjon om lungefunksjonen din. Lege vil sjå over og snakke med deg om resultatet av undersøkinga.
Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund