Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rektoskopi

Rektoskopi er ei undersøking av endetarmen og eventuelt nedre del av tjukktarmen. Undersøkinga blir utført med eit lite røyr (rektoskop) med lys i, slik at legen får eit godt overblikk over endetarmen og slimhinna i den.

Før

Før rektoskopi er det viktig at tarmen er godt tømt for avføring. Korleis og når du skal tømme tarmen vil du få beskjed om.

Ofte er det anbefalt å tømme tarmen ved å ta 120 ml Klyx éin til to timar før undersøkinga.

Under

Ved undersøkinga ligg du på ein benk med beinhaldarar og legen fører rektoskopet innover i endetarmen. For å få til dette blåser legen inn litt luft via ein ballong som er festa til skopet. Ved innblåsinga av luft vil tarmen utvide seg framfor skopet, og det blir enklare å føre det innover. Du vil oppleve avføringstrong av dette.

Samtidig som rektoskopet blir trekt ut, undersøker legen slimhinna og tarmveggen grundig. Legen vil ta prøver av slimhinna med ei biopsistong om han ser noko unormalt.

Etter

Etter undersøkinga kan du som regel reise heim.

Refusjon av apotekutgifter/utgifter til preparat

Har du fått skriftleg beskjed i innkallingsbrevet om at du må kjøpe preparat før du skal til time på sjukehuset, kan du få refundert utlegget. Eksempel på preparat er tømmingsmidlar før gastromedisinske undersøkingar.

Slik får du refusjon for tømmemiddel

Nokre undersøkingar krev at du førebur deg ved å tømme tarmen. Det kan vere:

  • Koloskopi
  • Rektoskopi
  • CT tykktarm

Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmemiddel.

  • Du kan ta med kvittering for kjøpet og fylle inn refusjonsskjema når du er hos oss
  • Bruk skjema du finn på denne sida og send inn via edialog

Bruk av skjema og innsending digitalt

  1. Skriv ut skjema for refusjon (PDF) og fyll ut
  2. Legg ved dokumentasjon – vi treng innkallingsbrev og kvittering frå apotek. Du kan bruke kamera på mobilen din for å skanne dei
  3. Send inn skjema via edialog

Merk, hugs bankkontonummer

Du må skrive bankkontonummer for refundering i skjema. Dersom bankkontonummer ikke står, kan vi ikke behandle søknaden.

Vi vil refundere utlegg til tarmtømmingsmiddel så snart som mogeleg.

Ver merksam

Det er sjeldan at det førekjem komplikasjonar etter rektoskopi. Dersom det blir tatt vevsprøver, kan det nokre gonger blø litt. Ved kraftig bløding, må du kontakte legen eller sjukehuset.

Ytst sjeldan kan det gå hol på tarmen i samband med undersøkinga. Risikoen for dette er størst ved store betennelsesforandringar i tarmen.

Sist faglig oppdatert 10.01.2024

Kontakt

Odda sjukehus Kirurgisk poliklinikk, Odda

Kontakt Kirurgisk poliklinikk, Odda

Oppmøtestad

Vi er i 1. etasje på Odda sjukehus. Meld deg i hovudresepsjonen når du kjem.

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Praktisk informasjon

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.