Repetitiv transkraniell magnetisk stimulering (rTMS) er ei behandlingsform for depresjon. Behandlinga er supplerande alternativ til medikasjon, psykoterapi og elektrokonvulsiv behandling (ECT).
Om behandlinga
Repetitiv transkraniell magnetisk stimulering (rTMS) er ein metode for å gi elektrisk straum i hjernen, ved hjelp av magnetiske felt.
Vi bruker raske og kraftige magnetiske impulsar som blir sende gjennom ein behandlingsspole. Denne induserer magnetiske felt. Impulsane er så svake at det ikkje krevst noko form for anestesi. Likevel er stimuleringa sterk nok til å få nerveceller til å fyre.
Depresjon medfører ein ubalanse i aktiviteten av nervenettverk. Ved hjelp av ulike typar magnetisk stimulering påført ved TMS, blir balansen gjenoppretta slik at du oppnår god klinisk betring.
Ved éi behandling av rTMS varer effekten i nokre minutt, men ved gjentatte behandlingar kan rTMS medføre langvarige endringar.
Effektar av behandlinga
reduksjon av depressive symptom
reduksjon av suicidale tankar
betra søvnkvalitet
auka aktivitetsnivå
auka appetitt
auka sosiale ferdigheiter
inga forverring i kognitiv funksjon
Biverknader
Behandlinga blir vanlegvis tolerert veldig godt, og biverknader er stort sett knytte til ubehag i stimuleringsområdet.
prikking
hovudverk
rykkingar i ansiktet
smerter i hovudbotnen
tannpine
Krampeanfall kan førekomme (sjeldnare enn 1 gong per 1000 tilfelle).
Tilvising og vurdering
Du må vere over 18 år for å få denne behandlinga.
Psykisk helse
Aktuelle psykiatriske diagnosar med diagnosekode.
Aktuelle symptom og psykiatrisk sjukehistorie.
Kliniske haldepunkt for suicidal åtferd (høg suicidrisiko) i pågåande depressiv episode.
Klinisk haldepunkt for igangverande stoffmisbruk/alkoholbruk, spesielt psykostimulantia.
Tidlegare medikamentell behandling som er prøvd ut; medikament, dosering og varigheit, grunn til seponering.
Resultat av nyleg somatisk undersøking, inklusiv nevrologisk status. Høgde, vekt og BT/P.
Somatisk sjukehistorie, inkludert tidlegare operasjonar.
Nyleg blodprøvestatus. Blodprøvesvar skal ikkje vere eldre enn 14 dagar.
Tidlegare hjerneslag, alvorlege hovudskadar og/eller uavklart bevisstheitstap.
Tidlegare krampeanfall i samband med epilepsi, uforklarlege anfall eller epilepsi som diagnose.
Risiko for forhøgde intrakranielt trykk, for eksempel ved hjernesvulst eller andre hjernelesjonar.
Alvorleg og ustabil medisinsk sjukdom.
Alvorleg og/eller nyleg hjartesjukdom, det vil seie dei siste 3 månadene.
Nyleg cerebrovaskulær hending, det vil seie dei siste 3 månadene.
Pågåande akutt luftvegsinfeksjon, særleg med høg feber.
Graviditet eller amming.
Nedsett evne til å kjenne varme/smerte (ved diabetes mellitus, hjerneslag, påverknad av alkohol, igangverande bruk av sovemedisin/roande).
Migrene eller sterk hovudverk.
Sterk tinnitus, nedsett høyrsel / høyrselstap.
Allergiar.
Endringar i medikamentell behandling blir frårådde rett før og under forløpet (Obs! mianserin og buproprion, TCA, metylksantyner, antipsykotikum – særleg klozapine, og sentralstimulerande kan senke individuell krampeterskel).
Før
Før behandlinga startar, går vi gjennom tilvisinga saman. Vi kjem også til å stille spørsmål om sjukdomshistoria di.
Du får informasjon om behandlinga og moglegheit for å vere med i kvalitetsregister. Til slutt går vi gjennom plan for behandlinga di.
Under
Behandlinga skjer på sjukehuset.
Den første behandlingsdagen gjer vi førebuingar ved å måle motorterskel og finne rett behandlingspunkt.
Behandlinga får du vanlegvis i ein serie som varer i 6 veker, 5 dagar i veka. Kvar behandling tar mellom 3–10 minutt. Dei fleste er heime mellom behandlingane, og kan køyre sjølv til og frå behandling.
Det er ein fordel med tett samarbeid mellom den som har tilvist deg og sjukehuset under heile behandlingsforløpet. Du blir følgt opp med testar og observasjonar av ansvarleg rTMS-operatør gjennom heile forløpet.
Etter 4 vekers behandling skal behandlinga evaluerast av eit tverrfagleg team saman med den som har tilvist deg.
Etter
Etter behandlinga blir du følgt opp vidare av poliklinisk behandlar så lenge det er behov.
To veker etter at behandlinga er slutt skal du ta dei same testane som da du starta.
Avdeling for psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, held til i 1. etasje.
Biologiske behandlingsformer (BBF)held til i 2. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen opp og følg skilting til ECT/TMS poliklinikk. Opningstider (telefontider) er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.