Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Respiratorisk syncytial-virus (RS-virus), nynorsk

RS-virus er eit vanleg virus hos både barn og vaksne om vinteren.Vaksne og store barn får i liten grad symptom, og blir fort friske ved RS-virus-infeksjonar. Dette gjeld også dei aller fleste små barn. Hos nokre små barn kan sjukdomen gi infeksjon i dei små luftvegane (bronkiar) eller lungebetennelse. Det gir hoste og pustevanskar. Dette gjeld særleg hos dei yngste under eitt år, og spesielt barn under tre månadar. For nokre få er det nødvendig med innlegging i sjukehus, og for nokon vil det også vere nødvendig med forskjellige typar pustehjelp.

Råd for å redusere smitte av RS-virus

RS-virus smittar gjennom dråpar som blir frigjorde ved at ein person som har infeksjon hostar, nys eller snakkar i nærleiken av deg. Smitte kan også overførast dersom du tar på noko ein smitta person har hosta, nyst eller tatt på, og deretter gnir deg i auga eller tar deg i nasen.
Det er derfor viktig å ha god handhygiene også heime og mellom sjuke og friske barn.
 
Vidare er det anbefalt:
 
  • å holde sjuke barn heime frå barnehage og sjuke vaksne heime frå jobb. Viss det er mogleg, prøv å halde avstand mellom spedbarn og eldre søsken når dei er sjuke.
  • at storesøsken må vaske hender når dei kjem heim frå barnehage eller skule før 
    dei helser på spedbarn i familien
  • at barnehagebarn som er sjuke skal vere heime frå barnehagen til allmenntilstanden er betre og barnet har vore feberfri i minst 24 timar
  • at dei som har små barn, bør unngå besøk av vaksne og barn som har 
    luftvegssymptom 
  • at i familiar med nyfødde og spedbarn, bør ein ikkje ha så mykje besøk heime. Erin skal likevel ta omsyn til at familien kan trenge støtte, omsorg og avlasting
  • at dersom storesøsken blir sjuke, bør foreldre passe på at dei ikkje er tett på 
    spedbarnet, sjølv om det kan vere vanskeleg i praksis. Dette er særleg viktig i 
    dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon når du er mest smittsam.
 
Dei vanlegaste symptoma er som ved forkjøling med hoste, nysing og rennande nase. Hos små barn kan sjukdomen gi hoste, pustevanskar og pipande pust. Pusten blir raskare og barnet bruker mykje krefter på å puste. Barnet kan bli bleikt og få blåleg farge rundt leppene. Barnet kan få feber, bli sliten, spise lite og vise mindre interesse. Dei minste barna under 1-2 månadar kan i starten ha pustepausar på 5-10 sekund som einaste symptom. 

 

Tilvising og vurdering

Dersom fastlegen eller legevakten meiner pasienten kan ha behov for innlegging på sjukehus, vil dei tilvise til oss.

Indikasjonar for vurdering på sjukehus: 
      
  • Låg metning (cirka < 92%)
  • Dårleg væskeinntak eller betydeleg pustebesvær (auka respirasjonsfrekvens trass febernedsettande behandling, inndragningar og/eller apnéar)
Barna vil vanlegvis ikkje trenge vurdering ved sjukehuset dersom dei      
  • drikk og et tilfredsstillande og ikkje har symptom på dehydrering
  • har ein oksygenmetning cirka > 92 %
  • ikkje har betydeleg pustebesvær 
      
Det er den kliniske statusen som er avgjerande. Mistanke om RS-virus gir ikkje auka indikasjon for innlegging/vurdering. Terskelen kan likevel vere lågare for å sende dei aller minste (under 2-3 månadar) inn for vurdering, men dei fleste også i denne alderen vil kunne vere heime dersom punkta over er til stades.      
  
  


  


Utredning

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Haugesund sjukehus Intensivavdelinga, Haugesund

Kontakt Intensivavdelinga, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.

For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.