Legen vurderer om du kan ha nytte av undertrykkbehandling. Før behandlinga kan starte, må såret vere reint. Vi reinsar såret og fjernar eventuelt vev som ikkje er friskt. Av og til gjer vi dette på operasjonsavdelinga. Vi kan også gjere såret reint i samband med vanleg sårskift.
Sårbehandling med undertrykk – ved sår på armar og bein
Undertrykkbehandling er avansert sårbehandling der vi påfører sårflata vakuum. Det blir brukt fleire nemningar om undertrykkbehandling av sår. I Noreg blir brukt ofte nemninga «VÁC». «VÁC» betyr Vacuum Assisted Closure. Internasjonalt er «NPWT» ei vanleg nemning. «NPWT» betyr Negative Pressure Wound Therapy.
Slik verkar pumpa
Det finst ulike pumpesystem som gir undertrykk/vakuum i såret. Systema består av ein bandasje som dekkjer såra og ein slange som er kopla til ei pumpe. Pumpa syg luft ut av bandasjen slik at det blir danna vakuum/undertrykk i såret.
Behandlinga gir ei hygienisk tildekking av såret, fjernar sårvæske og kan bidra til at såret gror raskare. Vakuumbandasjen ligg på såret heile døgnet og blir vanlegvis skifta fleire gonger i veka. Ved nokre pumpesystem kan bandasjen liggje opptil ei veke. Behandlinga kan vare i dagar eller veker. Behandlingstida er individuell, og blir fortløpande vurdert.

Før
Under
Etter
Ver merksam
Ved rett bruk og observasjon er det sjeldan biverknader ved vakuumbehandling. Moglege biverknader kan vere:
- bløding
- infeksjon
- redusert sirkulasjon
- hudskade
- smerte
- allergisk reaksjon mot bandasjemateriale
Kontakt
Odda sjukehus
Operasjon og anestesi, Odda
Oppmøtestad
Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda