Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sikkerheitspsykiatri

Sikkerheitspsykiatri karakteriserer den delen av psykisk helsevern som behandlar pasientar med problem med aggresjon eller vald. Pasientane har store behov for oppfølging og treng eit høgt nivå av personaldekning for å sikre trygg rehabilitering.

Dei fleste pasientane i sikkerheitspsykiatrien har psykoselidingar. Fleire av pasientane har i tillegg problem med rusavhengnad, sjølvskading, utviklingsforstyrringar og personlegdomsforstyrringar.

Sikkerheitspsykiatriske einingar er ekstra godt bemanna, og dei har spesiell inngangskontroll med låst dør.

Tilvising og vurdering

Dei fleste av pasientane som er innlagde i ei sikkerheitspsykiatrisk eining er underlagde tvungent psykisk helsevern, eller er på dom til behandling. Dom til behandling betyr at personar som har utført valdshandlingar får behandling i psykisk helsevern som særreaksjon, i staden for fengselsstraff.

Tilvisande instans vil i all hovudsak vere andre einingar i spesialisthelsetenesta. Det kan også vere tingretten via statsadvokatembeta ved gyldig dom og overføring til tvungent psykisk helsevern i samsvar med paragraf 5 i Psykisk helsevernlova.

Årsaka til innlegging kan også vere fengslingsvedtak på paragraf 188 i Straffeprosesslova – varetektssurrogat.

I perioden før innlegging kan møte med tilvisande instans og pasient vere aktuelt, spesielt ved tilvising frå akuttpsykiatrisk avdeling. Formålet vil vere å hente inn ytterlegare informasjon og planlegge overføring til den sikkerheitspsykiatriske eininga.

Behandlingstilbodet

Personalgruppa er tverrfagleg samansett av legar, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, helsefagarbeidarar med fleire. Personalet har brei erfaring med pasientar som har vanskar med aggresjon, vald eller sjølvskading.

Alle pasientane har eit behandlingsopplegg som blir tilrettelagt for kvar enkelt. Allereie tidleg etter at pasientane kjem, får ein tilbod om tilpassa aktivitetar slik at dei skal få ein meiningsfylt kvardag.

Behandlinga kan bestå av miljøterapi, samtaleterapi, ergoterapi, trening og annan fysisk aktivitet. I tillegg er medisinar ein sentral del av behandlinga for mange.

Diagnostisk vurdering, kognitiv utgreiing og funksjonskartlegging inngår i behandlinga. Sentralt i arbeidet er også valdsrisikovurderingar, som er standard ved endring i oppfølging, ved permisjonar og ved utskrivingar.

Pasientane skal rehabiliterast tilbake til samfunnet. Det er derfor viktig å hjelpe dei med å ha orden i økonomi, ein stad å bu og at dei har meiningsfulle aktivitetar etter utskriving.

I samband med utskriving er bruk av ein plan for meistring av kriser eit viktig behandlingstiltak. Denne planen blir utarbeidd saman med pasienten og beskriv faresignal og teikn til forverring i psykisk helse. Tilpassa tiltak for å førebygge ytterlegare forverring vil vere beskrive i krisemeistringsplanen.

Oppfølging

Etter utskrivinga vil den sikkerheitspsykiatriske eininga nokre gonger halde kontakt med pasienten og med hjelpeapparatet i ein periode. Denne oppfølginga kan vere i form av deltaking i ansvarsgrupper, samarbeidsmøte eller rettleiing. Lengda på dette samarbeidet vil variere ut frå behov. Målet er at pasienten skal få tilpassa og forsvarleg oppfølging på heimstaden.

Sist faglig oppdatert 13.10.2025

Kontakt

  • Kontakt Haugaland DPS

    Oppmøtestad

    Vi held til i Haugesund og i Kopervik.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Oppmøtested

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Oppmøtested

    Asaldalvegen 1

    4250 Kopervik

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30
  • Kontakt Valen sjukehus

    Oppmøtestad

    Vi held til i sjukehusvegen 23, 5523 Valen.  

    Her finn du kart til og meir informasjon om Valen sjukehus

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Et tre med en bygning i bakgrunnen

    Valen sjukehus

    Sjukehusvegen 23

    5451 Valen

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.

    Praktisk informasjon

    Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.

    ​Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Kantina er open måndag til torsdag kl. 11.30-12.30. Kantina er stengt på fredagar. 
    Måltid blir serverte på postane. 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.