Når pasienten kjem til sjukehuset med ein skåldingsskade eller annan brannskade vil hen straks bli møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne bruke eit standardisert traumemottak for å utelukke livstruande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å vurdere om den er så djup at han må opererast eller om det er mogleg at han gror av seg sjølv. Det er viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er skadd. Dette gjer at helsepersonell kan berekne behovet for væsketilførsel dei første timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstruande blodtrykksfall), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er derfor viktig at ein kan undersøke heile hudoverflata til pasienten og det er derfor ønskeleg å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten blir nedkjølt.
Utgreiing og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjord i løpet av eit par timar. Men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil legen gjere ny vurdering av skadane 1–2 døgn etter første undersøking. Spesielt ved skålding vil ofte djupna av skaden vere heilt i grenseland for om det er behov for operasjon. Det gjer at skadane ofte blir behandla konservativt med gjentatt sårstell i 10–14 dagar før det blir endeleg bestemt seg om det er behov for å operere delar av skadane.