Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skulderartroskopi i narkose

For å undersøkje skulderleddet på innsida brukar vi artroskopi (kikkholsteknikk). Med denne metoden kan vi fjerne betent vev og bein som gir tronge plassforhold i leddet.

Før

Du får eit innkallingsbrev der du får informasjon om møtetid og eventuelle førebuingar. Les dette brevet nøye.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

 

 

Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.

  • Ikkje ta på hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
  • Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Er piercingane vanskelege å fjerne, kan du risikere at dei blir klipte. Det er derfor lurt å bruke litt tid på dette før du kjem.
  • Briller og høyreapparat kan du ha på.

Under

Operasjonen blir gjort i narkose og varer vanlegvis om lag ein time. Narkose er den vanlegaste forma for bedøving. Du får sovemedisin direkte i ei blodåre, sovnar raskt og kjenner ikkje smerte under operasjonen.

Dersom det er nødvendig å sy eller reparere ein eller fleire sener i skuldera, vil andre restriksjonar enn dei som er beskrivne nedanfor gjelde.

Etter

Sting

Vanlegvis har du ikkje sting, berre nokre små hol. Dersom du har sting som skal fjernast, får du beskjed om dette. 

Såret

Du får bandasjar på såret. Du får nøye informasjon om behandling av såret og bandasjane før du reiser heim. Du kan ikkje bade før såra har grodd (cirka 2-3 veker).

Når du kjem heim

Legen vil gi deg spesifikk informasjon om forløpet når det gjeld opptrening og fysikalsk behandling.

Belasting av skuldra

Dei første dagane etter operasjonen klarer du ikkje å bevege, bøye og strekke armen/skuldera som normalt på grunn av smertene. Prøv likevel å bøye og strekke armen innanfor det du opplever som akseptabelt i forhold til smertene.

 Dei første vekene skal du vere forsiktig med å belaste skuldera – for nokre er det nok å berre løfte eit kaffekrus. Det er bevegelsen her som er viktig, både i skulderledd, albogeledd og i handledd. Du kan etter kvart auke belastninga, og smertene vil vise kor mykje du kan gjere. Ved aukande heving i skuldera bør du redusere treninga til hevinga går tilbake.

Fysioterapeut

Du bør sjølv kontakte fysioterapeut, slik at du snarleg (10-14 dagar etter operasjonen) kan kome i gang med opptrening. Det kan ta 2-3 månader før du kjenner skikkeleg resultat av operasjonen og treninga.

Smerter

Ei nyoperert skulder vil gjere vondt. Vi anbefaler derfor at du tar dei smertestillande medisinane som er avtalte med legen. Trapp ned medisinen etter nokre dagar, når du kjenner at du har smertene under kontroll. Det kan vere smerte og heving i skuldera 4-6 veker etter operasjonen.

Sjukemelding

Det er vanleg med 3-6 vekers sjukemelding, avhengig av kva som er gjort og kva yrke du har. Du bør vente med å køyre bil til skuldera di toler bevegelsen og du har full kontroll på armen. Du skal ikkje køyre bil så lenge du bruker smertestillande med raud varseltrekant.

Ver merksam

Du vil få informasjon om kven du skal kontakte dersom du opplever teikn på infeksjon, som rødme, heving, feber eller dunkande/aukande smerter.

Sist faglig oppdatert 17.02.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Dagkirurgi Haugesund

Kontakt Dagkirurgi Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Når du kjem inn hovudinngangen, ta til høgre og gå forbi Narvesen kiosken og vidare inn til operasjonsavdelinga.

Registrering av oppmøte

Du melder oppmøtet ditt via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Meld deg deretter i resepsjonen i operasjonsavdelinga for å seie frå at du er komen.

Vent i ventesone 1F til du blir kalla inn.

 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.