Undersøking
Smerter - tilbod ved tverrfagleg smertepoliklinikk
Pasientar med langvarige smertetilstandar kan tilvisast og vurderast tverrfagleg ved ein smertepoliklinikk. Det tverrfaglege teamet består vanlegvis av fleire faggrupper som lege, fysioterapeut, sjukepleiar og psykolog. Fastlegen kan tilvise deg til smertepoliklinikken etter at du først har vore igjennom aktuelle tiltak som er tilgjengeleg i kommunehelsetenesta. Alle fagpersonane ved smertepoliklinikken jobbar saman i team, og utgreiingsteamet blir vanlegvis bestemt ved inntaksdrøfting.
Utrgreiinga inneber ein time til dei ulike fagpersonane i utgreiingsteamet. Du blir gitt enten eit tilbod om oppfølging/behandling ved smertepoliklinikken eller så blir ein vidare oppfølging tilrådd i førstelinjetenesta. Ved smertepoliklinikken vil du få ei individuell behandling og oppfølging som kan gå over 6-12 månader. I denne perioden vil det som ledd i behandlinga vere eit fokus på eigenaktivitet, eigentrening og eiga meistring.
Ved enda utgreiing vil teamet samlast til ein felles oppsummeringstime med deg til stades. Her vil moglege behandlingsforslag foreslåast for deg, og fastlegen får ei grundig oppsummering av kva vi tenkjer kan vere den beste behandlinga for deg.
Tilvising og vurdering
Vi ønskjer fortrinnsvis ei tilvising frå fastlegen. Dessutan ønskjer vi at du først har vore igjennom aktuelle tiltak som er i primærhelsetenesta, og eventuelt andre faggrupper innan spesialisthelsetenesta, dersom det er relevant for å avklara smertetilstanden din.
Før
Våre pasientar blir spurde om å svare på spørjeskjema i samband med utgreiinga. Dette er til hjelp for oss, for å finna ut mest mogleg om tilstanden din.
Vi ønskjer at du tek med deg oppdatert medisinliste til første time. Viss du har informasjon om eventuell behandling og medisinar du har prøvd tidlegare, er det fint om du tek med det òg. Fastlegen din kan hjelpe deg med dette.
Du får innkallingsbrev før dei ulike konsultasjonane. Vi ber deg også om å fylle ut eit kartleggingsskjema før første time. Vi ønsker at du tar med deg ei oppdatert medisinliste til første time. Viss du har informasjon om eventuell behandling og medisinar du har prøvd tidligare, er det fint om du tar med det også.
Under
Ved smertepoliklinikken jobbar fleire faggrupper saman. Desse jobbar saman i team, og du får ei tverrfagleg tilnærming, der fleire forhold kjem i fokus og blir drøfta av teamet. Du blir vanlegvis kalla inn til samtale/ undersøking til fleire av fagpersonane. Smertepoliklinikken samhandlar i denne perioden med fastlege, og eventuelt NAV.
I utgreiingsperioden vil du ha konsultasjonar med helsepersonell som lege, fysioterapeut og psykolog. Som regel vil du ha time til to faggrupper på oppmøtedag. Her vil vi snakke med deg om di smertehistorie, noverande livssituasjon, korleis du fungerer i det daglege, tidlegare behandling, eigenmeistring og personlege mål. Det vil bli gjort fysiske undersøkingar hos lege og fysioterapeut. Du vil få råd og rettleiing undervegs.
Nokre pasientar blir kun kalla inn til éi faggrupper etter vurdering basert på tilvisinga. Desse har ikkje tverrfagleg tilbakemeldingssamtale.
Forløpet blir avslutta med ein tverrfagleg tilbakemeldingssamtale der du møter faggruppene samla. Her presenterer vi alle råd og tilrådingar om vidare tiltak. Pårørande, fastlege eller andre du ønsker å ha med er velkomne. Vi sender deretter ei samanfatting (epikrise) til fastlegen din.
Etter
Etter at du er greidd ut ved smertepoliklinikken vil oppfølginga di variere ut frå behovet ditt og tilgang på behandlingstilbod i heimkommunen. Behandlinga kan prøvast ut på smertepoliklinikken, og vidare eventuelt blir overført til primærhelsetenesta. Enkelte pasientar har heller ikkje behov for behandling, og kan følgjast vidare av fastlege.
Smertepoliklinikken fungerer som rådgivar til fastlegen om aktuelle tiltak, som for eksempel medisinjustering, behandlingstilbod og eigenmeistring.
Etter det tverrfaglege møtet blir oppfølginga hos oss avslutta, og fastlegen din har ansvar for den vidare oppfølginga av deg.