Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje i løpet av konsultasjonen, og kven de kjem til å møte.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, testar, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Desse kan bli gjennomført av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og lege.
Behandling med Botulinumtoksin
Barn eller ungdom med spastisitet som følge av for eksempel cerebral parese, kan få tilbod om behandling med Botulinumtoksin A dersom denne behandlinga blir vurdert som hensiktsmessig. Botulinumtoksin er eit verkestoff som blir sprøytt inn i utvalde musklar. Toksinet hindrar overføring av signal frå nerveende til muskelfiber og gjer dermed muskelen mindre spastisk. Toksinet verkar i rundt tre månader, og ein kan gjenta behandlinga kvar 3.–5. månad.
Behandlinga skal vere ledd i ein heilskap:
- Det skal vere ei klar målsetting for behandlinga: å betre funksjon, lette forflytting og stell, lette av- og påkledning, betre hygiene eller redusere smerter.
- Det skal det vere eit opplegg for dagleg eigentøying, eventuelt ved hjelp av personell, for å sikre maksimal effekt av behandlinga.
- Dei aller fleste vil også ha regelmessig oppfølging hos lokal fysioterapeut, og mange vil periodevis bruke ortoser.
Eventuelle biverknader oppstår i løpet av dei første dagane etter injeksjonen, og er forbigåande. Ømheit på injeksjonsstaden er den vanlegaste biverknaden, og forbigåande feber og/eller trøyttleiksfølelse kan førekomme.
Behandling med Baclofen
Barn og unge med spastisitet kan også ha nytte av behandling med ein medisin som heiter Baclofen, og som har ein generell verknad på stiv og stram muskulatur. Denne kan bli gitt enten som tablettar eller som væske gitt gjennom ei pumpe som blir lagt inn under huda med ein tilførselsslange inn i ryggmargskanalen. Slik behandling med tablettar kan bli gitt i HABU. For å få behandling med ein slange til ryggmargskanalen må barnet bli tilvist til ei spesialisert sjukehusavdeling.
Barn og unge med spastisitet kan også få råd, rettleiing og opplæring med tanke på tilrettelagt trening og fysioterapi som kan verke dempande på plagene.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar og behandling i andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for vidare tilvising.