Behandling

Spinalpunksjon hos barn

Hjernen og ryggmergen er omgitt av eit vernande og støytdempande lag væske, kalla spinalvæske, ryggmergsvæske eller liquor. Kroppen produserer 300 – 700 ml dagleg. Sjukdommar i sentralnervesystemet kan gi forandringar i spinalvæska.

Tilvising og vurdering

Fastlegen kan tilvise barnet til spinalpunksjon ved mistanke om akutte tilstandar, som betennelse i sentralnervesystemet, til dømes hjerne- eller hjernehinnebetennelse av ulik årsak. Spinalpunksjon er også aktuelt ved utgreiing av mindre akutte tilstandar, til dømes ved mistanke om kronisk utmattingssyndrom eller nevrologiske utfall der vi vil utelukke sjeldne sjukdommar.

Vi ber fastlegen din å uttale seg om:

  • årsaka til tilvisinga
  • kort beskriving av sjukehistoria og forløpet (akutt/subakutt/kronisk)
  • relevante kliniske, biokjemiske og biletgivande funn
  • hastegrad

Før

Dersom det er mistanke om ein akutt sjukdom i sentralnervesystemet, blir barnet innlagt på barneavdelinga for spinalpunksjon og vidare utgreiing.

Ved utgreiing av mindre akutte tilstandar, som mistanke om kronisk utmattingssyndrom eller nevrologiske utfall der vi vil utelukke sjeldne sjukdommar, blir undersøkinga planlagd innan få dagar til veker.

Avhengig av tilstanden til barnet bruker vi 15 – 90 minutt til førebuing av undersøkinga.

Før spinalpunksjonen undersøkjer vi barnet grundig med tanke på teikn som gjer denne spinalpunksjonen nødvendig. Du blir mellom anna spurd om medisinbruket til barnet, særleg blodfortynnande medisin.

Vi bruker lokalbedøving på huda (Emlakrem) som skal verke i 1 time dersom tilstanden til barnet tillèt det. Dersom barnet er engsteleg, gir vi roande medisin som nasespray eller mikstur. Denne verkar innan 20 – 45 minutt.

Barnet treng ikkje faste før undersøkinga.

Under

Foreldre kan bli med inn til undersøkinga. Barnet kan anten liggje eller sitje på undersøkingsbenken. Foreldre eller helsepersonell held barnet i posisjon med mest mogleg krumming i ryggen. Det er viktig at barnet ligg (sit) heilt stille under heile prosedyren.

Legen har på seg sterile hanskar og munnbind og vaskar ryggen grundig med desinfeksjonsmiddel. Vi markerer innstikkstaden i høgda av hoftekammen. Der blir ryggen punktert mellom to ryggvirvlar med ei tynn nål. Barnet kan kjenne ei kort smerte i beina som ein elektrisk støyt når nåla går gjennom ryggmergshinna. Det er ikkje skadeleg, og kjem av irritasjon av nervane. Nåla blir sett slik at ho aldri vil gå inn i sjølve ryggmergen. 

Når nåla er på plass blir spinalvæska drypt i prøveglasa til analyse av betennelsesceller, sukker og protein. Når nåla er fjerna, dekkjer vi stikkstaden med eit sterilt plaster.

Prøvesvar er klart etter éin time. Noko av væska blir send til mikrobiologisk undersøking på moglege smittestoff (bakteriar, virus, sopp) eller ein utvida analyse av protein. Svar frå desse prøvene får vi etter dagar til veker, alt etter problemstilling.

Etter

Etter undersøkinga skal barnet kvile ei lita stund. Nokre barn skal liggje på magen eller ryggen ei stund etterpå. Dette får dykk beskjed om på sjukehuset.

Det blir tilrådd å liggje mest mogleg, kvile og drikke godt det første døgnet slik at kroppen produserer ny spinalvæske raskt.

 

Ver merksam

Ein spinalpunksjon er eit inngrep med lite risiko. Trass i aktsemd kan det i somme tilfelle oppstå følgjande komplikasjonar:

Sjeldan:

Hovudverk kjem brått når ein reiser seg, og blir lindra raskt i liggjande stilling. Sterk hovudverk med kvalme og oppkast tyder på lekkasje av spinalvæske frå stikkstaden (væska siv ikkje ut gjennom huda, men lek ut av spinalkanalen). Såkalla spinal hovudverk blir lindra som regel med nokre dagars sengeleie. Vedvarande tilfelle kan behandlast med ein blodpatch. Det vil seie at vi bruker ei lita mengd av blodet til barnet rundt stikkstaden ved bruk av liknande prosedyre som ved spinalpunksjonen. Blodet storknar, tettar stikkstaden og lekkasje blir stoppa. Det er veldig sjeldan at dette er nødvendig.

Veldig sjeldan:

Hudinfeksjonar, betennelsar, blødingar eller danning av eit hematom (blåmerke) rundt stikkstaden.

Ekstremt sjeldan:

Varig skade av nervar eller ryggmergen, synkope.

Dersom barnet ditt skulle få slike komplikasjonar, tek du direkte kontakt med barneavdelinga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​