Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling

Strålebehandling bruker vi både ved heilande og lindrande behandling av kreftsjukdom, og for å førebygge utvikling av sjukdommen. Strålebehandling blir gitt så målretta som mogleg for å gjere minst mogleg skade på friskt vev.

Stråleterapiavdelinga består av ein planleggingsseksjon med eit CT- og doseplanavsnitt, og ein behandlingsseksjon med strålebehandlingsmaskinar.

Før

All strålebehandling er individuelt tilpassa kvar enkelt pasient. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam beståande av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar.

Vi vurderer sjukdomsbildet og avgjer kva område som skal behandlast, kor høg stråledose vi skal gi og talet på behandlingar.

Vi startar vanlegvis med å ta CT-bilde av den delen av kroppen din som vi skal behandle. CT-bilda blir brukte til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg (doseplan). Nokon skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (det vil seie eit røntgenkontrastmiddel sett inn i ei blodåre) ved CT-undersøkinga.

På CT vil det bli teikna med tusj på huda di, og ofte tatoverer vi også på små hjelpemerke. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.

Under

Sjølve strålebehandlinga startar som regel i løpet av veka etter CT-undersøkinga. Du får grundig informasjon om behandlinga når du kjem til første behandling, og da får du også utlevert ei oversikt over datoar og tidspunkt for resten av den planlagde behandlinga.

Behandlinga blir vanlegvis gitt dagleg måndag–fredag. Kvar behandling tar cirka 10–30 minutt, men sjølve strålinga varer berre i eit par minutt og er heilt smertefrie.

Etter

Dersom du ikkje er innlagd på sjukehuset i behandlingsperioden, får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege og sjukepleiar på poliklinikken.

Strålebehandling kan gi ulike biverknader. Kva biverknader og grada av desse avheng av stråledose, kva område på kroppen som blir behandla og størrelsen på strålefeltet. Vi gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva biverknader du kan vente og tiltak mot desse.

Sist faglig oppdatert 27.11.2025