Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Strålebehandling, nynorsk

Strålebehandling bruker vi både for å kurere kreftsjukdom, som lindrande behandling, og for å førebygge utvikling av sjukdomen. Strålebehandling blir gitt så målretta som mogleg for å gjere minst mogeleg skade på friskt vev.

Stråleterapiavdelinga består av ein planleggingsseksjon med eit CT- og doseplanavsnitt, og ein behandlingsseksjon med strålebehandlingsmaskiner.

Før

All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legane vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose vi skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulsttype, størrelse, lokalisasjon og hensikta med behandlinga. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.

Vi tar vanlegvis CT-bilete av den delen av kroppen vi skal behandle. CT-bileta blir brukt til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg som vi kallar doseplan. Nokre skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (dvs. røntgenkontrastmiddel satt inn i ein blodåre) ved CT-undersøkinga. På CT vil det bli teikna med tusj på huda di og ofte tatoverer vi også på små hjelpemerke. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.

Under

Sjølve strålebehandlinga startar som regel i løpet av veka etter CT-undersøkinga, og blir utført av stråleterapeutar ved eit behandlingsapparat. Ved første behandlinga får du grundig informasjon, og du får utlevert ei liste over datoar og tidspunkt for resten av den planlagte behandlinga.

Behandlinga gir ein vanlegvis dagleg måndag til fredag. Kvar behandling tar cirka 10 - 30 minutt, men sjølve strålinga varer berre i eit par minutt og er heilt smertefri.

Etter

Dersom du ikkje er innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege og sjukepleiar på poliklinikken.

Strålebehandlinga kan gi ulike biverknader. Kva slags biverknader og graden av desse kjem an på stråledose, kva område på kroppen som blir behandla og størrelsen på strålefeltet. Helsepersonell gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva slags biverknader du kan forvente, samt tiltak mot desse.