Synacthen-test – barn og unge
Ein synacthen-test blir utført for å vurdere evna hypofysen har til å regulere binyrene dine. Binyra produserer hormon som kroppen din treng for å kunne fungere.
Testen blir gjord ved å tilføre eit hormonstoff i blodet ditt og sjå korleis hypofysen og binyrene reagerer.
Før
Ta gjerne med lesestoff eller nettbrett, da det blir ein del venting i løpet av testen.
Under
Du vil få ein venekanyle i armen eller på handbaken. Dette er eit lite plastrøyr som går inn i ei blodåre, og som vi bruker både til å ta blodprøver og for å tilføre hormonstoffet. I dei fleste tilfelle er det altså nok med eitt stikk. Om du ønsker det, kan du få bedøvingskrem på huda før venekanylen blir lagd inn.
Det blir tatt blodprøver før tilføring av hormonstoffet, så tilfører vi hormonstoffet og deretter blir tar vi blodprøver fleire gonger i løpet av 1,5 – 2 timar.
Du må ligge på undersøkingsbenken gjennom heile testen. Dei fleste opplever ingen biverknader av testen, men nokre få kan oppleve varmekjensle og kvalme. Dette går over etter ei lita stund.
Etter
Resultatet av testen er klart etter nokre veker. Legen som viste deg til Synacthen-testen vil tolke resultatet og forklare deg meir, og informere om vidare oppfølging og tiltak.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barne- og ungdomsavdelinga
Oppmøtestad
Vår avdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga når du går ut i 3. etasje.
Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund