Trakeotomi blir nesten alltid gjort i narkose. I samband med langvarig respiratorbehandling er du allereie i narkose.
Av og til gjer vi inngrepet planlagt, til dømes ved svulstar i luftvegane eller andre tilstandar som tettar dei øvre luftvegane. I slike tilfelle må du faste før inngrepet, som ved andre operasjonar.
I sjeldne situasjonar er det nødvendig å gjere ein trakeotomi akutt. Dette er ein nødprosedyre som alle anestesilegar og mange kirurgar trenar på regelmessig. Trakeotomien er då ein livreddande prosedyre som blir gjord fordi legane ikkje klarer å etablere fri luftveg på annan måte, til dømes ved store ansiktsskadar eller ved alvorlege infeksjonar.