Trombolysebehandling ved hjerneslag, nynorsk
Trombolyse er det medisinske namnet for nedbryting av blodpropp ved hjelp av medisinar.
Før
Ved symptom på hjerneslag der det kan vere aktuelt med trombolysebehandling gjør vi først ein rask nevrologisk undersøking. Før behandling med trombolyse tar vi ein CT eller MR. I nokon tilfelle tar vi også blodprøvar.
Under
Trombolysebehandlinga blir gitt intravenøst via venekanyle, vanlegvis i handa/armen. Under og rett etter behandlinga blir puls, blodtrykk, oksygenmetning og hjarterytme målt, ofte ved hjelp av overvakingsmonitor.
Etter
For å følge med på korleis behandlinga virker gjennomfører vi hyppige nevrologiske undersøkingar. Intensiteten av den første hjerneovervåkinga avhenger av din tilstand og resultater av undersøkingar. Overvåkinga blir som regel redusert gradvis i løpet av det fyrste døgnet. Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning.
Vi anbefaler sengeleie den fyrste tida etter behandlinga. Nytt CT-bilde blir tatt etter 12-24 timar. Dette for å kontrollere at det ikkje har oppstått ei blødning før du får vidare blodfortynnande behandling.
Oppfølginga er avhengig av den kliniske situasjonen og av resultata av undersøkingar vi har gjort. Alle pasienter får ein gjennomgang av risikofaktorer og individuell behandling i forhald til disse. Vi kartlegger dine behov for rehabilitering og den første rehabiliteringa starter allerede på sjukehuset.
Ver merksam
Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning, 2-5 prosent. Du vil lettare få blåmerker etter å ha fått trombolysebehandling. Dette er ikkje vedvarande.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund