Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Ulcerøs kolitt

Ulcerøs kolitt er ein kronisk betennelsessjukdom i tarmen som ofte gir mykje symptom i form av diaré og magesmerter. Legemiddel kan halda symptoma i sjakk hos dei aller fleste, men nokre få treng kirurgisk behandling.

Ulcerøs kolitt er en kronisk betennelsestilstand i tykk- og endetarmen. Vanlige symptomer er smerter og blodig diaré. Behandlingen avhenger av alvorlighetsgraden på sykdommen.

Les meir på helsenorge.no

Ulcerøs kolitt er kronisk betennelsessjukdom i tarmen med svingande forløp som ein har heile livet. Pasienten får ulike grader av betennelse i endetarm og tjukktarm. Nokon har sjukdom berre i endetarmen, andre i endetarm og deler av tjukktarmen og nokon har betennelse i endetarm og heile tjukktarmen.

Symptom og diagnose

Symptoma er i all hovudsak magesmerter og diaré som svært ofte er blodtilblanda. Dette varierer både med utbreiing og grad av betennelse. Ved kraftig betennelse kan ein kjenne seg sjuk og slapp og få feber, få aukande blod og slim i avføringa og gå ned i vekt.

Nokre pasientar har hatt plager i form av laus avføring i lang tid før dei kontaktar lege, medan andre får akutt innsetjande plager. Diagnosen blir stilt ved hjelp av koloskopi.

Behandling

Viss ein har Ulcerøs kolitt og symptom som diaré, magesmerter og vekttap er det i dei fleste tilfelle behov for behandling med medisinar. Behandlinga har som mål å slå ut betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglande effekt av medisinar eller ved sjukdomskomplikasjonar er kirurgisk behandling nødvendig.

Ulcerøs kolitt krev livslang oppfølging. Pasientar med ukomplisert sjukdom kan følgjast av primærhelsetenesta, men stadig tilbakefall med betennelse og komplikasjonar bør følgjast ved sjukehuset. Formålet med oppfølginga er å vurdere effekt av behandling og dessutan identifisere og behandle tilbakefall og komplikasjonar.

Tilvising og vurdering

Fastlege kan vise deg til sjukehuset, anten til utgreiing av mistenkt Ulcerøs kolitt sjukdom eller til behandling av kjent Ulcerøs kolitt.

Utredning

Ventetid for utgreiing kan variere frå ei veke til nokre månader, og det avheng av korleis symptoma er og kor alvorleg tilvisande lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfelle blir pasientane innlagde for utgreiing dersom allmenntilstanden er veldig dårleg.

Etter at diagnosen er stilt vil behandlinga starta så raskt som mogleg.

Kva skjer under utgreiinga?

Sjukehistorie og kroppsundersøking blir gjenteken og tidlegare undersøkingar blir gjennomgåtte saman med deg. Manglande opplysningar blir innhenta og manglande undersøkingar blir bestilte. Alle pasientar med Ulcerøs kolitt får stilt diagnosen med koloskopiundersøking.

Aktuelle undersøkingar

Du blir beden om å ta avføringsprøve for å sjå bort frå infeksjonar. Fekal-test kan gi mistanke om betennelse i tarmen.

Viss ein har avvist infeksjonar som årsak til tjukktarmsbetennelse vil ein hos dei aller fleste pasientane kunne stille diagnosen Ulcerøs kolitt ved første koloskopi, eventuelt når svar på vevsprøvene ligg føre.

Behandling

Viss du har Ulcerøs kolitt vurderer vi no om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg. 

Du har rett til å vere med å bestemme, og vi tek avgjerda saman med deg. Dette blir kalla samvalg. Viss det finst fleire moglegheiter, får du informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Då kan du vurdere desse opp mot kvarandre, ut frå kva som er viktig for deg. 

Her er tre spørsmål du kan stille oss:

  1. Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleva nokon av desse?

Medisinsk behandling av Ulcerøs kolitt har to hovudprinsipp:

  • Anfallsbehandling for å slå ned akutt og kronisk betennelse slik at pasienten får mindre plager (behandlingseffekt) eller ikkje lenger har plager eller teikn til betennelse i tarmen (remisjon)
  • Vedlikehaldsbehandling for å hindre tilbakefall

Nokre medisinar blir berre brukt til å hemma betennelsen medan andre kan tilbydast både som anfallsbehandling og vedlikehaldsbehandling.

  1. Lokal virkande behandling (5-ASA preparat)
  2. Immundempande behandling 
  3. Kirurgisk behandling: Ofte kan kirurgisk behandling vera eit svært godt val. I dei tilfella der ein vel å fjerne heile tjukktarmen har ein drøfta dette saman med pasient, kirurg og behandlande mage-tarm spesialist. Kva type kirurgisk behandling som blir vald avheng av korleis tilstanden din er.

Ulcerøs kolitt er ein sjukdom ein har heile livet og behandlinga kan såleis også vere livslang. Dei fleste pasientar får behandlingseffekt av anfallsbehandlinga innan ei veke. Det kan likevel ta mykje lengre tid før ein er i remisjon.

Effekten av medisinar som skal gi remisjon og brukast som vedlikehaldsbehandling blir vanlegvis vurdert etter 3 månader. Ved utilfredsstillande effekt vil ein då vurdere alternativ behandling.

Oppfølging

Oppfølginga skjer i samarbeid med fastlegen. Ved milde sjukdomstilfelle kan all vidare oppfølging handterast av fastlegen som viser til sjukehuset ved behov.

Ved med meir uttalt sjukdom bør sjukehuset styre behandlinga av pasienten og ta han inn til jamlege kontrollar. Framleis vil fastlegen ha ei viktig rolle i oppfølginga mellom spesialistbesøka.