Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DISORDERS OF SEX DEVELOPMENT (DSD)

Usikker kroppsleg somatisk kjønnsutvikling

Diagnostikk og behandling av barn der det ved fødsel er vanskeleg å fastslå kjønnet til barnet, eller der det seinare kjem fram teikn på at den kroppslege kjønnsutviklinga ikkje skjer som venta.

Kva skjer i kroppen?

Kjønnsutviklinga startar tidleg i fosterlivet og er eit komplisert samspel av hormon som blir styrte av kjønnskromosoma (X og Y) og andre gen.

Forandringar i kjønnskromosoma eller i andre enkeltgen kan føre til at kjønnsutviklinga til fosteret ikkje skjer som venta.

Kva symptom har sjukdommen?

Mellom 5 og 10 barn blir fødde per år i Noreg der ein ved undersøking av ytre kjønnsorgan ikkje kan avgjere om barnet er ei jente eller gut. I nokre tilfelle vil kjønnsorgana vere heilt upåfallende ved fødsel mens utviklinga ikkje skjer som venta seinare i barnealderen eller i puberteten. I nokre tilfelle vil barna kunne bli sjuke i nyfødd- eller småbarnsalder på grunn av mangel på binyreborkhormonet kortisol.

Kva forårsakar sjukdommen?

Ettersom kjønnsutviklinga blir styrt av så kompliserte mekanismar i fosterlivet er det mange ulike årsaker til usikker kroppsleg kjønnsutvikling. Årsakene kan ligge på kromosom-, gen-, enzym-, hormon- eller mottagercelle- (reseptor) nivå.  

Tilvising og vurdering

Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus har på oppdrag frå Helsedirektoratet eit delt ansvar for utgreiing og behandling av barn med usikker kroppsleg kjønnsutvikling.

Den nyfødde og foreldra blir flytta til barneavdelinga ved eit av desse sjukehusa så snart dei kan transporterast etter fødsel. Dette gjeld sjølv om barnet elles verkar heilt friskt.

Ved akutte førespurnader som gjeld nyfødde kan lokal barneavdeling kontakte vakthavande barnelege på nyfødd intensivavdeling, Haukeland universitetssjukehus eller Rikshospitalet.

For førespurnader som ikkje er akutte kan lækje i primærhelsetenesta eller barnelege sende søknad til:

Haukeland universitetssjukehus
Barne- og ungdomsklinikken
Seksjon for endokrinologi og metabolisme
Postboks 1400
5021 Bergen

eller

Oslo universitetssjukehus
Kvinne- og barneklinikken
Barnemedisinsk avdeling
Barnesenteret/tilvising
Ullevål sjukehus
Postboks 4956 Nydalen
0424 Oslo

Vi samarbeider med Senter for sjeldne diagnosar ved OUS. Pasientar og føresette kan kontakte senteret direkte utan tilvising frå lege, på telefon + 47 23 07 53 40 eller e-post sjeldnediagnoser@ous-hf.no

Før

På sjukehuset vil foreldre og barn møte eit erfare team beståande av spesialsjukepleiar, barnelege, barne- og ungdomspsykiater og barnekirurg.

Det blir gjort vanleg legeundersøking og dessutan røntgenundersøkingar ut frå behov. Vidare blir blodprøver tatte for ei rekke hormonanalysar og undersøking av kjønnskromosom og visse kjente gen som styrer kjønnsutviklinga.

Utgreiinga kan ta opptil 2 veker. I denne tida vil barnet vere innlagt på sjukehuset dersom foreldra ønsker det og dei får tilbod om samtalar.

Fastsetting av kjønn baserer seg ikkje på utsjånaden av ytre kjønnsorgan, men i størst mogleg grad på ein spesifikk underliggande diagnose. Kjønnsval blir gjort på grunnlag av ei brei og omfattande utgreiing og kunnskap om psykoseksuell utvikling .

Det er ikkje alltid ein finn kva som er den underliggande årsaka, men utgreiinga fører alltid fram til kva kjønn barnet har.

Foreldre som får eit barn der det er usikkerheit om kjønnet til barnet kan oppleve det som ein svært vanskeleg situasjon som dei har vore heilt uførebudde på. Forutan å gi barnet den nødvendige medisinske behandlinga har varetaking av foreldra høg prioritet.

Under

Behandlinga vil i nokre tilfelle vere hormonbehandling og/eller operasjon avhengig av problemstillinga. Av og til skal behandling givast først seinare i barneåra eller i puberteten. Da vil det bli lagt ein plan for når dette skal skje slik at foreldra kan kjenne seg trygge på kva som blir vidare forløp.

Korleis er forløpet?

Det har vore ei endring i behandlinga av uavklart kjønn ved fødsel frå slutten av 90-talet. Tidlegare blei det fokusert meir på kva som ville gi best kosmetisk resultat reint kirurgisk. Nå blir det fokusert meir på kva som er den underliggande årsaka for å ønske at oppsedarkjønnet skal vere i samsvar med kjønnsidentiteten til barnet. Barnet og familien får tilbod om oppfølging i det tverrfaglege teamet fram til vaksen alder for å fange opp dei utfordringane som måtte oppstå.

Etter

I den første tida etter fødselen veit vi at mange foreldre har det utfordrande. Tida omkring diagnosestilling og fastsetting av kjønn veit vi kan vere vanskeleg for mange foreldre. Da kan det vere godt med støtte. Seinare kan behovet for psykososial oppfølging vere ulikt og med lange periodar der det ikkje er behov.

Utfordrande fasar kan vere ved behov for kirurgiske inngrep, informasjon ved barnehage- og skolestart, ved 9–10-årsalderen, når barnet begynner å samanlikne seg meir med andre og sjå seg sjølv i ein større samanheng (9-års krisa), i ungdomsalder og ved overgang til vaksen alder.

Da kan det vere behov for samtalar igjen, og fokus vil da vere meistring og å førebygge uheldige psykososiale konsekvensar av tilstanden. Når barnet og familien har kjennskap til tilbodet ved DSD-teamet, blir det lettare å be om hjelp ved behov.

Vi kan også formidle kontakt med lokale instansar som følger familien vidare.

Tenesta ved Haukeland universitetssjukehus blir leidd og koordinert av professor, overlege dr.med. Helge Ræder, mens tenesta ved Oslo universitetssjukehus  blir leidd og koordinert av overlege dr.med. Hilde Bjørndalen, fagområdet endokrinologi ved Barnemedisinsk avdeling.

Sist faglig oppdatert 04.01.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.