Utviklingshemming og psykose

Psykose er eit samleomgrep for ei gruppe alvorlege psykiske lidingar der hovudkjenneteikna er forstyrra røyndomsoppfatning (vrangførestillingar), sansebedrag (hallusinose) og forstyrra tale- og veremåte (disorganisering). Kjenneteikna (symptoma) oppstår på grunn av feilfunksjonar i hjernen – årsaka til dette er framleis ikkje kjend.

Symptom

Personar med utviklingshemming kan også utvikle psykotiske lidingar, kanskje til og med oftare enn personar i den generelle befolkninga. Symptoma ved psykose vil påverkast av kor alvorleg grad av utviklingshemming personen har, og om det i tillegg ligg føre autisme eller anna tilleggsliding. Personar med alvorleg og djup utviklingshemming vil ha store vanskar med å fortelje om symptoma sine. Psykose hos denne gruppa vil derfor ofte halde fram med å vere uoppdaga.

Psykose hos menneske med utviklingshemming vil føre til funksjonsfall der innlærte ferdigheiter vil bli reduserte eller forsvinne heilt. Også evna til å snakke, kan forsvinne. Personen kan verke forvirra og desorientert i den akutte fasen. Psykose vil for dei fleste medføre alvorlege angstsymptom, spesielt i akuttfasen. Endra veremåte hos personar som har psykose kan vere skremmande. For pasientar med utviklingshemming er det særleg viktig at dei næraste pårørande får god informasjon.  

Utgreiing

Fastlegar eller anna helsepersonell kan tilvise vidare til spesialisthelsetenesta, anten habiliteringsteneste eller psykisk helsevern. For dei pasientane som har spesielt store og vanskelege tilstandar, kan desse spesialisthelsetenestene søkje om utgreiing og behandling til spesialiserte psykiatritenester for menneske med utviklingshemming.

Slike tenester finst ved desse helseføretaka: Oslo universitetssjukehus, Vestre Viken, Helse Fonna, Helse Bergen, Nordlandssykehuset.

Behandling

Psykose hos menneske med utviklingshemming blir behandla på same måte som hos personar i den generelle befolkninga. Behandlinga vil avhenge av kva type psykose personen har, og kor sterke symptoma er og kor lenge dei har vart.

Samval bør gjennomførast i den grad det er mogleg. Samval inneber at pasienten får informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike behandlingsalternativa, og saman med behandlar veg desse opp mot kvarandre. Målet er å komme fram til semje om kva som står fram som det beste alternativet.

Les meir om samval på helsenorge.no

Tilrådd behandling er ein kombinasjon av medikament og miljøbehandling og oppfølging av fagpersonar med kunnskap og erfaring om tilstanden og pasientgruppa. Personar med lett eller moderat utviklingshemming kan ha nytte av samtale- eller gruppebehandling. Psykose hos menneske med utviklingshemming bør behandlast i spesialisthelsetenesta.

For somme av pasientane bør behandlinga skje medan pasienten er innlagd i ei døgnavdeling. For personar med moderat, alvorleg eller djup utviklingshemming skal behandlinga skje i regi av eit spesialisert tilbod for menneske med utviklingshemming.

 

Oppfølging

Pasienten må følgjast opp av tverrfagleg team i spesialisthelsetenesta i den mest akutte fasen når symptoma er særleg sterke. Når akuttfasen er over, kan fastlegen følgje opp medikamentell behandling, medan anna oppfølging kan givast til dømes av psykisk helsearbeidar i kommunen som bør ha kontakt med tilsette i bustaden, og ikkje minst familien.

Kontakt

Haugaland DPS

Kontakt Haugaland DPS

Oppmøtested

Floravegen 75
5535 Haugesund

Oppmøtested

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Oppmøtested

Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Haugesund sjukehus, 1. etasje

Oppmøtested

Kirkegaten 103
5528 Haugesund