Når du har fått innkalling til første samtale er det fint om du førebur deg, gjerne i samarbeid med viser eller pårøyrande. Det kan vere ting du vil utdjupe, spørsmål du har, eller du ønskjer å leggje til opplysningar som ikkje er beiskrivne i tilvisinga. Notar gjerne ned på ei liste såg du hugsar alt.
Vanedannende legemidler, rus- og avhengighetsbehandling
Bruken av vanedannande legemiddel kan medføre at du utviklar ein avhengnad. Langvarig bruk gir auka risiko for dette. Behandlinga vil hjelpe deg med å få kontroll over impulsane og trongen til å bruke legemidla – uansett årsak. Dette kan gjerast med poliklinisk behandling eller i kombinasjon med døgninnlegging.
Tilvising og vurdering
Du må ha tilvising for å få eit tilbod innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Det er ein fordel om du sjølv deltek når tilvisinga blir skriven, slik at rette opplysningar om deg, din situasjon og kva du ønskjer å oppnå med behandlinga kjem fram. Tilvisinga blir vurdert, og du får beskjed innan ti dagar om du får eit tilbod i TSB. Dei fleste får først ein time på ein ruspoliklinikk.
Før
Under
På poliklinikken vil vi starte kartlegging og utgreiing i samarbeid med deg for å avklare behandlingsbehovet ditt og -mål. Saman med deg vil vi snakke om rusmiddelbruk, psykisk helse og somatisk helse – inkludert eventuelt tannhelse og ernæring. Vi ønskjer også å danne oss eit godt bilete av din sosiale situasjon og korleis du har det og fungerer i kvardagen med skule/jobb, økonomi og familieforhold. Alt samla vil danne grunnlag for behandlingsplanen din.
Det kan vere aktuelt at dine pårøyrande blir involverte, føresett at du ønskjer det. Vi ønskjer også å etablere eit godt samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar i kommunen/bydelen din.
Du kan lese meir om kartlegging og utgreiing i rusbehandling i den nasjonale retningslinja
Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtalar og eventuelt par- og familiesamtalar.
Behandlaren din vil som regel ha ansvaret for å leggje til rette for eventuell døgninnlegging. Ved behov for døgnbehandling vil du bli vist vidare til ein døgninstitusjon som tek imot pasientar til behandling for alkoholavhengnad. Det kan vere at du vil ha behov for opphald på ei avrusingseining i forkant av behandlinga.
Under ei døgninnlegging oppheld du deg på institusjonen. Det er mange ulike avdelingar og institusjonar, og du kan lese meir på helsenorge.no og nettsida til institusjonen/avdelinga. Personalet er tverrfagleg samverdsett, og du får oppfølging av miljøterapeutar, psykologar og legar.
Tilbodet der kan mellom anna bestå av miljøterapi, individuelle samtalar og deltaking i grupper, medikamentell behandling og fysisk aktivitet. Behandlinga vil bli tilrettelagd ut frå behova dine. Etter døgnopphaldet er det vanleg å få tilbod om poliklinisk oppfølging ein periode.
For å få ei heilskapleg og trygg oppfølging, får du tilbod om ein individuell plan og ei ansvarsgruppe gjennom heile behandlingsforløpet og etter at du er skriven ut frå spesialistheilsetenesta. Både ved poliklinisk behandlingstilbod og ved døgninnlegging er det ein eigen barneansvarleg som ein ressurs for barn som er involverte.
Etter
Etter ei behandling ved ein poliklinikk eller eit opphald i ein døgninstitusjon, overtek det lokale hjelpeapparatet, det vil seie fastlege og kommune. Før du blir skriven ut frå døgnbehandling, vil det vere møte og samtalar mellom sjukehuset og det lokale hjelpeapparatet ditt. Ved utskriving får du og behandlaren din eit avslutningsbrev som er ei oppsummering av opphaldet og ei tilråding av tiltak vidare.
Når du er ferdig med opphaldet i døgnavdelinga, overtek poliklinikken og den polikliniske behandlaren oppfølginga dersom du ønskjer dette.
Kontakt
Rus og avhengighet
Oppmøtestad
Kopervik: Oppmøte i resepsjonen.
Haugesund sjukehus: Inngang A.
Strandgaten: Inngang ved siden av bygget, ned en etasje.
Pårørande og besøk
Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF
Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.
Postadresse
Helse Fonna
Postboks 2052
5504 Haugesund
Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30