VRE skilst ut i avføring og kan finnast på huda og hendene, og nokre gonger i spytt eller urin. Bakteriane kan også finnast i omgivnadene rundt ein person som er smitta, til dømes på nattbord, sengetøy, dørhandtak og inventar på baderommet. Derfrå kan dei overførast til dei som tek på dette.
Smitten blir vanlegvis overført via hendene til munnen. God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å unngå smitte.
VRE er sjeldan i Noreg, men vanlegare i mange andre land, og innlegging på sjukehus i utlandet gir større risiko for å bli smitta.
Kva kan VRE føre til?
VRE lever som regel fredeleg i tarmen utan at ein sjølv blir sjuk. Denne tilstanden kallar ein «VRE‐berarskap» eller «kolonisering». Bakterien kan forsvinne av seg sjølv, men det kan ta mange månader og i enkelte tilfelle år.
Dersom bakterien forårsakar ein infeksjon, fører den oftast til urinvegsinfeksjon, men andre infeksjonar kan også finnast.
Kven er mest utsett for å bli sjuke av VRE?
Personar med alvorleg sjukdom og nedsett immunforsvar (til dømes kreft) er mest utsette for å bli sjuke av VRE. Derfor er det spesielt viktig å hindre smitte i sjukehus.