Besøkstider

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

​Før du kjem på besøk må du gjere deg kjent med gjeldande regler:

  • Er du smitta av covid-19? Då ber vi om at du ikkje kjem på besøk.
  • Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande.
  • Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene.
  • Du må vere frisk for å kome på besøk​​.

Unnt​aket er besøk til alvorleg sjuke og fødande. Vi ber då om at du kontaktar den aktuelle avdelinga på førehand for avtale.

Besøk v​ed føde​​/​​barsel

Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk.

  • Barnefar/partner: 9-13 og 16-21
  • Barnets søsken og besteforeldre: 17-18

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

Kviletid for mor og barn: 13.00-16.00. Vi tar ikkje i mot besøk i kviletida.

Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk.

  • Måndag til sundag: 16.30-17.30
  • Pappa-/partnervisitt: 18.00.-20.00

Kviletid for mor og barn: 13.00-15.00. Vi tek ikkje i mot besøk i kviletida.

Av omsyn til mor og barn er det maks fire besøkande om gongen.​

Blo​mar

Det er lov med blomar til pasientar ved føden og dei kirurgiske sengepostane, men ikkje ved medisinske sengepostar.

Vi vil legge til rette for besøk/følgje til pasientar i størst mogeleg grad.

Influensasesongen

Smittepresset i samfunnet rundt oss aukar i vintersesongen, men vi har høg vaksinasjonsgrad og gode grunnleggande smittevernrutinar i sjukehusa. Det er derfor mindre behov for eigne, forsterka smitteverntiltak. Dette er i tråd med FHI sine oppdaterte råd til spesialisthelsetenesta.

Sist oppdatert 19.11.2024