Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Bygging av sjukehusbygg

Bygg Haugesund

Bygge trinn 2. Ei ny blokk i søraust.

I 2021 stod Byggjetrinn 1 med 20 000 kvadratmeter klart. Dette bygget inneheld i dag alle akuttfunksjonar, som operasjonsavdeling, intensivavdeling, fødeavdeling, akuttmottak for både psykiatri og somatikk, og laboratorium.

Byggetrinn 2 er allereie ein del av bybilete og er ferdig i 2026. Då vil Helse Fonna få ytterlegare 10 000 kvadratmeter og plass til enda fleire sengepostar.

Dette er byggetrinn 2

Den nye søraustblokka vil ha seks etasjar. Arbeidet omfattar også ei større ombygging av tre etasjar i eksisterande bygg for å gi plass til poliklinikkar.

Den nye søraustblokka skal huse sengepostar tilpassa nye driftsformer. Blant anna blir det etablert eigen infeksjonspost med fleire isolat, ny sengepost for gastromedisin og nefrologi, ny felles sengepost for eldremedisin og ny sengepost for nevrologi og slagbehandling.

Ei satsing for heile Helse Fonna

Grunnblokka for byggetrinn 2 blei lagt ned av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre i august 2024.

Nye og moderne lokale vil gi eit betre helsetilbod til innbyggarane, gi dei tilsette ein betre arbeidskvardag, men også vere viktig for å rekruttere og behalde helsepersonell.

Utbygginga er ein stor milepæl og ei satsing på helsetenester for alle innbyggarane i regionen.

Fakta Byggetrinn 2

  • Byggeperiode: 2021-2025
  • Størrelse nybygg: 9 150 m²
  • Størrelse ombygging: 8 300 m²

Korleis har vi tenkt?

Utvidinga er basert på klinisk sentermodell, der kvar etasje utgjer separate klinikkar med spesialiserte funksjonar. Slik kan vi få til ein optimal organisering av polikliniske behandlingsområder sentralt i kvar etasje, omgitt av tilhøyrande sengeområder og støttefunksjonar.

Planløysinga skal sikre korte avstandar for både pasientar og tilsette, betre pasientsikkerheit og meir effektiv dagleg drift.

Gjennomføring

GL Prosjektservice har kontrakten for byggetrinn 2. Det er i stor grad brukt underleverandørar med lokal tilknytning i arbeidet.

På det meste vil det vere opp mot 200 arbeidarar i sving med nybygget, men dette vil variere.

En rektangulær plakett på en treflate
Grunnstein i 2024

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre la torsdag 29. august ned grunnsteinen for Byggjetrinn 2 og den nye blokka ved Haugesund sjukehus. Utbygginga vil gi rom for fleire sengepostar og eit enda betre helsetilbod for regionen.