We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A pen on a piece of paper

Føde og barsel, Stord

Vi er ei kombinert føde- og barselavdeling der vi gir fødselshjelp til fødande med lavrisiko svangerskap. Dei som kan føde hos oss får avklart det ved besøk på poliklinikk.

Ta kontakt med oss dersom du får

  • Blødingar
  • Magesmerter
  • Teikn til fødsel
  • Vatnet går
  • Rier
  • Dersom du er usikker på om babyen har det bra i magen
  • Dersom du blir akutt sjuk i svangerskapet (sterk hovudverk, kvalme, magesmerter)

Ta alltid med deg papira frå jordmor og/eller lege når du kjem til svangerskapspoliklinikken eller føde/barsel, og ønskebrev viss du har dette.​

For gravide, fødande og barselkvinner tilbyr vi: 

  • Gravide, mor og barn poliklinikk for deg som har komplikasjonar i svangerskapet, støttesamtalar til deg som har fødselsangst av ulike årsaker, observasjonssenger for gravide, fødeeining med to fødestover og barseleining med sju barselrom.
  • Ved Stord Sjukehus har vi omlag 400 fødslar årleg
  • Vi er ein lågrisikoavdeling med seleksjonskriterium. Vi tar i mot barn frå og med svangerskapsveke 35. Trugande fødslar frå svangerskapsveke 28 eller om barnet er over 1000 gram blir overført til Haugesund sjukehus. Trugande fødslar før veke 28 blir overført til Kvinneklinikken i Bergen.

Du kan sjølv velje kor du ønskjer å føde dersom du er vurdert til å ha ein normal fødsel. Dei fleste fødslar hos oss er utan komplikasjonar, men vi har utstyr og kompetanse til å handtere komplikasjonar som likevel kan oppstå. Det vi kallar risikofødslar blir tilvist ein kvinneklinikk på eit større sjukehus.

Du kan føde ved fødeavdelinga på Stord sjukehus sjølv om du har desse tilstandane:

  • Hypertensiv sjukdom (mild og moderat pre-eklampsi)
  • Undervektige pasientar: BMI < 19
  • Estimert fostervekt > 4500g
  • Trombofiliar med moderat risiko
  • Tidlegare alvorleg komplikasjonar under svangerskap eller fødsel
  • Induksjonar
  • Kvinner som er omskårne
  • Førstegongsfødande > 35 år
  • Overtidig svangerskap= 42+0 ( førstegongsfødende med Bishop score <7 skal induserast i Haugesund)
  • Pasientar som har kjent mindre liv over fleire dagar
  • Langvarig vannavgang uten klar risiko for infeksjon
  • Kostregulert diabetes
  • Pre-term fødsel ned til veke 35+0 (< 28+0 veker skal til Helse Bergen Haukeland Universitetssjukehus)
  • Oligohydramnion (uten vekstretardasjon)
  • Polyhydramnion (utan påvist eller mistanke om misdanningar)
  • Pasientar med påvist/spørsmål om smitteberande Hepatitt.
  • Kvinner med KMI 38 - 40 utan andre sjukdommar/komplikasjoner kan vurderes for fødsel ved Stord

Ved fødeavdelinga jobbar det jordmødrer, barnepleiarar og fødselslegar/gynekologar.

Gynekologar/fødselslegar har vakt heile døgnet. Vi har døgnbemanna anestesilege,-sjukepleiar og operasjonspersonell tilknytt avdelinga, og samarbeid med anestesilege, anestesisjukepleiar og bioingeniørar.

Vi samarbeider med Føde og barselsavdelinga i Haugesund. To dagar i veka kjem barnelege som undersøkar dei nyfødde. Planlegging for vidare oppfølging skjer i dialog med barnelege.

Fødestover

Hos er det to fødestover. Desse inneheld og eige bad med toalett, dusj og badekar. Fødande kan bruke badekaret til smertelindring i løpet av fødselen, men vi tilbyr ikkje fødsel i badekar.

Observasjonsstover, barselrom og familierom

Vi nytter dei samme romma til barselrom som til observasjonsstover, og har sju av desse. Alle romma har eget bad med dusj og toalett, og stelleplass til det nyfødde barnet.

Dersom du treng å bli innlagt for observasjon i graviditeten, så kan dette vere av årsaker som stigande blodtrykk eller etter eit traume mot den gravide magen. 

Partner på overnatting

Når ein er på barsel hos oss, så er det i dei aller fleste tilfelle mogleg for partner å vere her saman med mor og barn. Dersom det er fullt på avdelinga, må kanskje mor og barn dele rom med fleire andre. Partner kan i desse tilfella ikkje overnatte.

Det kostar 615 kroner per døgn for partner ved overnatting, inkludert alle måltid. Dette kan betalast via Vipps utreisedagen.

Englebarna

Ei sorggruppe for foreldre som har mista barn i mors liv eller like etter fødselen. 

Englebarna

Kontakt

Telefon

Døgnopen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Dagtid i vekedagar:

Gå inn hovudinngangen ved Stord sjukehus. Avdelinga vår ligg i underetasjen (U1).

Kveldstid etter kl. 19.00, helg og natt:

Vi har eigen inngang til avdelinga som kan brukast når hovudinngangen til sjukehuset er stengt. Gå opp trappa til høgre for det interkommunale legevaktsbygget, og følg gangvegen heilt til døra. Dersom døra er stengt, ringer du på ringeklokka til venstre for døra. Vi kjem og hentar deg.

Besøkstider:

  • Barnefar: kl. 09.00 – 21.00
  • Søsken og besteforeldre: kl. 17.00 – 18.30
A building with trees and cars in front of it

Stord Hospital

Tysevegen 64

5416 Stord

Praktisk informasjon

Parking

  • Parking for patients and visitors is located close to the hospital. You must pay a fee to park. 
  • The car park uses automatic number plate recognition. You will receive an invoice from ParkPay after exiting.

Prices

  • NOK 25 per hour
  • Maximum per day: NOK 155

You may drive up to the main entrance to drop off passengers if needed.

Betalingsalternativer – ParkPay (in Norwegian only)

Blood donors

Reserved parking spaces are available near the main entrance.

Dialysis patients

Dialysis patients have free parking. Please inform dialysis staff on arrival to be registered.

Kystbussen has a terminal in Leirvik town centre. See NOR-WAY Bussekspress | Kystbussen for route information. From there, local busses run to the hospital and the DPS. Further information about local bus timetables is available at Skyss.no/en.

Free wireless internet is available for patients, next of kin and visitors.

How to connect

  1. Select the network gjest.ihelse.net on you PC, mobile phone or tablet.
  2. Open your web browser, enter your phone number, and accept the terms and conditions.
  3. You will receive a user name and password by text message (SMS)
  4. Log in using your username and password

Happy surfing!