We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Høyresentralen

Høyresentralen tilbyr opptrening og behandling av tap av høyrsel hos barn og voksne. Dette inkluderer utgreiing av høyrsel, undersøking av behov, og oppfølging.

Photo of an ear examination

Vidare tilbyr vi:

  • Høyrselsutgreiing og høyrselsrehabilitering
  • Utvida testing av høyrselen på alle nyfødde som ikkje har passert nyfødtscreening
  • Utgreiing og behandling av pasientar med tinnitus
  • Utgreiing av svimmelheit

Tilvisning

Det er nødvendig med tilvising frå fastlege eller ØNH-lege for å få første time hos høyresentralen. Vidare kan du ta direkte kontakt med oss for å bestille time.

Ved første kontakt vil du møte audiografen som gjennomfører utgreiing av høyrsel og behovet og anbefaler vegen vidare. Planen kan vere å få tilpassa høyreapparat, eller anna utstyr. Du får ny time for tilpassing av nødvendig utstyr og opplæring i bruk.

Vidare blir du følgd opp med kontrolltimar etter behov. Audiografen søker NAV om støtte for høyreapparat/utstyr ved behov.

Viktige punkt om ditt høyreapparat

  • tapt høyreapparat blir ikkje erstatta – vurder forsikring
  • reparasjon av høyreapparat blir dekt av NAV (kontakt høyrselssentralen eller leverandøren direkte)
  • nye høyreapparat blir innvilga normalt kvart 6.år. Regelen kan fråvikast under særskilde vilkår.

HUGS! Sjekk øyra jamleg for øyrevoks. Høyrselen blir endra – høyreapparat bør etterjusterast.

Høyrselskontakter

I kommunane

Høyrselskontakt finst i dei fleste kommunar. Dei hjelper hjelpemiddelsentralen med å greie ut behov for høyrselshjelpemiddel. Dei kan bidra med tanke på utprøving av aktuelle hjelpemiddel og hjelpe med nødvendige søknader til NAV. 

Ein kan kanskje forstå høyrselshjelpemiddel og høyreapparat som det same. Hjelpemiddelsentralen har andre hjelpemiddel enn oss, som gjeld varsling, tilrettelegging og samtale til dømes. Det er i tillegg til høyreapparata. Det gjeld hjelpemiddel som ein kan ha heime feks. 

Det er (som oftast) ein høyrselskontakt i kvar kommune, som har ein prosentdel av stillinga si med ansvar for høyrsel. Det er ofte ein ergoterapeut der stillinga er kombinert med andre ansvar, feks syn. Dei har moglegheit for heimebesøk og kan vurdere behovet ditt med tanke på korleis det er der du bur. Dei kan også hjelpe dersom vi leverer ut tilbehøyr til høyreapparata som må koplast opp heime.

Hjelpemiddelsentralen bidreg også ved behov for tilrettelegging på skule (kontakt via audiopedagog) og i arbeid (kontakt via arbeidsgivar).

Ta kontakt med kommunen din for å opprette kontakt med lokal høyrselskontakt. Audiograf hos oss kan også tilvise deg viss ønskjeleg.

Andre høyrselskontaktar

Problem med, eller bestilling av utstyr

Ved problem med høyreapparat, tilleggsutstyr eller mobilappen kan du gjerne ta kontakt direkte med høyreapparatleverandøren din som kan hjelpe deg. Du kan ta kontakt med dei på telefon eller ved å sende inn høyreapparat/utstyr. Sjekk oppdatert kontaktinformasjon på leverandøren si nettside. 

Sørg for å ha nødvendig utstyr for reingjering og vedlikehald tilgjengeleg. Det kan vere filter, domer eller slange, alt etter kva høyreapparat du har. Kontakt leverandøren din for bestilling.

Høyresentralen har ikkje sal av utstyr til høyreapparat.

Leverandørar av høyrselsutstyr

Kontakt Høyresentralen

Høyresentralen finn du hos Øre-nese-hals avdelinga i 1. etasje på Haugesund sjukehus. 

Epost: post@helse-fonna.no

  • Måndag - Fredag 7:30 AM - 3:30 PM
  • Laurdag - Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar.

The multi-storey car park north of the hospital is reserved for patients and visitors. You must pay a fee to park. 

You can pay by cash or card at the parking machines, or by using the EasyPark app.

There is no number plate recognition at the car park. You must start and stop your parking session yourself using the EasyPark app. 

Prices

The parking fee is NOK 25 per hour. The maximum daily rate is NOK 155.

Haugesund Parkering Drift AS is responsible for managing the car park and the parking areas in front of the main entrance. Any complaints regarding parking fees should be directed to them. Information is available on the parking machines.

Electric vehicle charging

There are three charging points available for electric vehicles. 

Reserved parking

Reserved spaces for disabled parking are located outside the main entrance. Please remember to place the parking permit clearly visible in the windscreen. 

There are reserved spaces for blood donors and dialysis patients in the multi-storey car park. These are marked with dedicated signs. If you are entitled to use these spaces, you will be issued with a parking permit by the department where you receive treatment. 

There are several bus stops close to Haugesund Hospital. 

Route information for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger): NOR-WAY Bussekspress | Kystbussen

Route information for local bus services in Rogaland: Kolumbus AS - public transport in Rogaland

 

 

Last updated 1/29/2026