We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Områder med avgrensa eller ingen avtale på pasienttransport

Områda nemnd nedanfor har avgrensa tilgjengelighet med avtale mandag til fredag mellom 06:00 og 18:00.

Sveio kommune

  • 5551 Auklandshamn
  • 5554 Valevåg
  • 5555 Førde i Hordaland

Ullensvang kommune

  • 5773 Hovland
  • 5760 Røldal
  • 5780 Kinsarvik
  • 5781 Lofthus

Kvinnherad kommune

  • 5462 Herøysundet
  • 5463 Uskedalen
  • 5464 Dimmelsvik
  • 5470 Rosendal
  • 5472 Seimsfoss
  • 5473 Snilstveitøy
  • 5474 Løfallstrand
  • 5475 Ænes
  • 5476 Mauranger
  • 5498 Matre
  • 5499 Åkra
  • 5636 Varaldsøy

Frå og med 01. juni 2025 har Helse Fonna ikkje lenger avtale om køyring frå poststadene nemnd nedanfor. Det vil seie at dersom pasientar skal hentast i eit av områda må pasient bestille og legge ut for reisa sjølv og søke reisestøtte i etterkant.

Suldal kommune

  • 4230 Sand
  • 4233 Erfjord
  • 4234 Jelsa
  • 4235 Hebnes
  • 4237 Suldalsosen
  • 4244 Nesflaten

Etne kommune

  • 5590 Etne
  • 5593 Skånevik
  • 5596 Markhus
  • 5598 Fjæra

Ullensvang kommune

  • 5626 Kysnesstrand
  • 5627 Jondal
  • 5628 Herand
  • 5775 Nå
  • 5777 Grimo
  • 5779 Utne

Vi vil presisere at retten til helsehjelp og til å få dekt utgiftene til nødvendige reiser til og frå behandling gjeld for deg som pasient, uavhengig om området du skal reise frå har avtale om pasientkøyring eller ikkje.

Dette gjeld dersom du skal reise med rekvisisjon frå eit område utan avtale eller på eit tidspunkt der avtalen ikkje gjeld: 

  • Du må sjølv organisere transport og legge ut for reisa 
  • Du betaler for reisa i taxien, eller får ei kvittering for kreditt der det er mogleg
  • Du må søke dekning av reiseutgifter i etterkant
  • Rekvisisjonen er dokumentasjon som automatisk vil følge søknaden din om dekning av reiseutgifter
  • Du kan sjå dine rekvirerte reiser ved innlogging på https://helsenorge.no/pasientreiser
  • Ved reise til behandling i eit område der vi har avtale om køyring, til dømes Haugesund sjukehus, kan Pasientreiser ordne transport heim att.
  • Dersom du har behov for organisert reise på trafikalt grunnlag skal du kontakte Pasientreiser på tlf. 05515 som i dag. Dei same retningslinjene vil gjelde for desse reisene.

Reiser som starter i eit område utan avtale eller i eit tidsrom der avtale ikkje gjeld:

  • Behandlarar/rekvirenter skal framleis vurdere pasientens medisinske behov for transport og rekvirere i forkant, som i dag. 
  • Pasienten må likevel organisere og legge ut for reisa si sjølv og søke om dekning av reiseutgifter i etterkant.
  • Rekvireringa vil bli nytta som dokumentasjon til pasientens søknad om dekning av reiseutgifter i område utan avtale.

Til og frå behandling

Pasienten må ordne transport sjølv dersom reisa startar i eit område utan avtale eller på eit tidspunkt der avtale om køyring ikkje gjeld i området. Dersom heimreisa er frå eit område med avtale om køyring, vil pasienten ved behov få tildelt tilrettelagt transport av Pasientreiser. 

Eit eksempel på dette er ei reise frå pasientens bustadskommune, med start i eit tidsrom utan avtale om køyring, til Haugesund sjukehus. Reisa til sjukehuset må pasient ordne sjølv, men på retur – frå sjukehuset, der vi har avtale om køyring heile døgnet - vil pasient ved behov få tildelt tilrettelagt transport av Pasientreiser heim igjen.

Behandlarar/rekvirenter vurderer pasientens medisinske behov for transport og rekvirerer i forkant ved behov – uavhengig av transportløysing.

Ved behov for rekvirert reise på trafikalt grunnlag skal pasienten kontakte Pasientreiser på 05515 for vurdering. Dei same retningslinjene vil gjelde for desse reisene.

Helsepersonell kan bestille reiserekningsskjema, konvoluttar, rettleiingar og anna informasjonsmateriell vedrørande pasientreiser kostnadsfritt på Bestill materiell - Pasientreiser HF

Søknad om dekning av reiseutgifter kan pasienten utføre digitalt eller på papirskjema. Informasjon og rettleiing finn du på Pasientreiser - Helsenorge

Pasienten kan også sjå dei rekvirerte reisene sine ved innlogging på Pasientreiser - Helsenorge

Kontakt oss

Dersom noko skulle vere uklart i forbindelse med avtalar for køyring av pasientreiser i ditt område, eller om du møter på utfordringar og har spørsmål, ta gjerne kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 eller på e-post: pasientreiser@helse-fonna.no.

Pasientreiser har ope måndag-fredag kl. 07:30 – 16:00.

Vi vil bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle.

Last updated 5/28/2025