We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Habilitering - Tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemming

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester gir høve til å gjere kommunale vedtak om bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming. Formålet er å verne personen. Ein vil forhindre at personen påfører seg sjølv eller andre alvorleg skade, eller skader omdømmet sitt. Spesialisthelsetenesta skal hjelpe kommunen i dette arbeidet.

Tvang blir vurdert å ligge føre når ein person motset seg tiltaket, når tiltaket er så inngripande at det uansett må reknast som tvang eller makt, eller at det blir nytta teknisk innretning med inngripande varslingssystem.

Alle tilviste saker blir vurderte individuelt av inntaksteama til habiliteringstenesta. Dei består ofte av leiar, vernepleiar, lege/nevrolog og psykolog/psykologspesialist. I tilvisinga bør det stå at kommunen vurderer vedtak om tvang. Dette indikerer at den utfordrande åtferda er alvorleg.

Før

Vern gjennom bruk av tvang og makt kan berre skje overfor personar med psykisk utviklingshemming. Det krev at det er gjort ei vurdering og det er fastsett ein diagnose av spesialisthelsetenesta.

Vidare skal personen ha utnemnt ei verje som personleg rådgivar eller ivaretaker for situasjonar med vedtak om makt og tvang.

Før vedtak om bruk av tvang og makt, skal andre løysingar som ikkje inneber tvang og makt, vere prøvd og vurdert.

Under

Vedtak om makt og tvang blir fastsett av ein vedtaksansvarleg i kommunen der personen bur.

Habiliteringstenesta for vaksne er rådgivande samarbeidspart i arbeidet i kommunen med vedtak. Dette samarbeidet skal også gjelde for personen og dennes verje.

Alle tilviste saker blir vurderte individuelt av inntaksteama til habiliteringstenesta. Dei består ofte av leiar, vernepleiar, lege/nevrolog og psykolog/psykologspesialist.

Når kommunen har gjort vedtak om tvang og makt skal dette vedtaket overprøvast hos Statsforvaltaren.

Etter

Det kan i ein vedtaksperiode vere aktuelt å gjenta undersøking og vurdering av personen og dennes livssituasjon. Vidare kan rettleiing, opplæring eller behandling av personen og dennes føresette og kommunale hjelparar vere aktuelt. Samarbeid skal evaluerast og tilpassast undervegs.

Sist faglig oppdatert 10/13/2025

Kontakt

Habilitering

Kontakt Habilitering

Oppmøtestad

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36

5536 Haugesund

Sjå kart

Vi er i andre etasje.

Kontortider