Brukarutvalet i Helse Fonna
Referat frå Brukarutvalet
Referat frå Brukarutvalet 19. februar 2026
- Dato: 19.02.2026
- Tid: 12.00-16.00
- Stad: Haugesund sjukehus
- Møtenummer: 2/2026
Deltakarar
- Geir Charles Grindheim (møteleiar)
- Karl Olaf Sundfør
- Hilde Elisabeth Lewin Warren
- Kjersti Vinje
- Ole Johan Jensen
- Anne Gurine Sætre
- Nils Reiersen
- Forfall: Mia Therese Pedersen, Anne Karin Sørdal
- Frå administrasjonen: Kjersti Haugen
Sak 08/26 Godkjenning av referat og saksliste
Saksliste og referat frå møtet 20.01.26 vart godkjende.
Åtte saker vart meldt inn til eventuelt.
Sak 09/26 Avansert heimesjukehus
Prosjektleiar Ingunn Halvorsen ved Lungeavdelinga leiar eit forbetringsprosjekt finansiert av såkornmidlar. Prosjektet er retta mot pasientar som treng medisinteknisk utstyr som støtte ved respirasjonssvikt under søvn. Desse pasientane blir vanlegvis viste til elektiv innleggelse for kartlegging, men avdelinga har erfart at fleire kan utgreiast best heime. Derfor er det utvikla eit tilbod der fagpersonell ambulerer ut til pasientar i heile Helse Fonnaregionen. Brukarutvalet rosar tiltaket og peikar på at det kan gi mange fordelar både for pasientane og sengeposten.
Presentasjonen frå innlegget blir sendt til utvalsmedlemmane.
Sak 10/26 Gjennomgang av OneDrive og Teams-funksjon
Det vart forsøkt gitt ei generell orientering om bruk av OneDrive og Teams.
Sak 11/26 Spesialisert rehabilitering Stord sjukehus
Avdelingsleiar Marianne Hollund Espeland presenterte planlagde endringar i drift ved spesialisert rehabilitering.
- Avdelinga har fått midlar frå Helse Vest til å utvide frå 9 til 15 sengeplassar.
- Tilskotet gir moglegheit til både driftsendringar og å utvide tilbodet til fleire diagnosegrupper.
- Ho orienterte også om planlagde fysiske utbetringar som ein del av omlegginga.
Brukarutvalet var positive til framlegget og gav innspel om at både pårørande og brukarrepresentantar bør involverast på eit tidleg stadium. Utvalet meinte dette vil styrkje kvaliteten på prosjektet og sikre betre forankring hos brukargruppene. Brukarutvalet har meldt inn representant til prosjektet.
Presentasjonen blir sendt utvalsmedlemmane.
Sak 12/26 – Tilbakemelding frå prosjektarbeid
Kjersti Vinje orienterte om dei to prosjekta ho har delteke i:
- Habiliteringskjeden:
- Kartlegging av utfordringar i dagens habiliteringsløp.
- Behov for betre overgangar i pasientforløp og tydelegare ansvarsplassering.
- Viktig med systematisk og tidleg brukarmedverknad i prosjekta.
- Nettsida til forskingsavdelinga:
- Arbeid med å gjere nettsida meir brukarvenleg og forståeleg.
- Betre struktur, språkforenkling og universell utforming.
- Betre oversikt over forskingsprosjekt og deltaking.
- Brukarrepresentantar har bidratt med konkrete innspel til navigasjon og språkbruk.
Sak 13/26 Orientering frå leiar
Kvalitetsutvalet:
Leiar orienterte frå møte i Kvalitetsutvalet.
Styremøtet:
- Helse Fonna hadde høg aktivitet i 2025, med 4 % auke i tilstrøyminga. Auken har vore innan akutt hjelp eller hjelp innan to døgn.
- Totalt 96 967 tilviste i 2025.
- Økonomi: Førebels rekneskap per desember syner eit resultat på –12,3 mill. kr. Resultatet er betra med 192 mill. kr dei siste to åra.
- Gjennomsnittleg ventetid:
- Desember: 57 dagar for behandla og 58 dagar for ventande pasientar
- Til samanlikning i desember 2022: 68 og 86 dagar
- Utskrivingsklare pasientar:
- Desember: 80 pasientar, gjennomsnitt 8,5 per døgn
- 2025 totalt: 3590 liggedøgn, om lag 1000 fleire enn i 2024
Brukarutvalet oppmodar Helsefelleskapet om å sjå nærare på utfordringane knytte til utskrivingsklare pasientar.
Styreseminar:
Helsereformutvalet presenterte ulike modellar for framtidig organisering, styring og finansiering av helse og omsorgstenestene i Noreg. Leiar gav ei kort gjennomgang for utvalet.
Sak 14/26 – Gjennomgang av evalueringsskjema
Eventueltsaker
Sak 15/26 – Henvendelse frå Kreftforeininga
Kreftforeininga spør om brukarutvalet kan få ei orientering frå føretaket om tilrådingar og handlingsplan etter internrevisjonen av Pakkeforløp for kreft.
Førespurnad er sendt til fagdirektør.
Sak 16/26 – Digitale tilbakemeldingar frå pasientar
Jensen orienterte om arbeidstakarorganisasjonane ønskjer å sjå nærare på utforminga av tilbakemeldingsverktøyet.
Oppfølging av sak 07/26 – UKOM-rapportar
Det eksisterer ikkje ein fast prosess for oppfølging av UKOMrapportar i helseføretaket.
Den aktuelle rapporten er, ifølgje avdelingsleiar ved Habiliteringsavdelinga, teken opp i nasjonalt forum og blir følgt opp i løpet av våren.
Sak 17/26 – Fellesmøte for brukarutvala i Helse Vest
Møtet er avlyst.
Sak 18/26 – Førespurnad om brukarrepresentant i strategisk satsing
Det er kome førespurnad om brukarrepresentant til satsinga «Når mindre er betre», som har fokus på nedskalering av lavverditiltak i sjukehus.
Leiar i Brukarutvalet deltek i prosjektet.
Sak 19/26 – Førespurnad frå porteføljestyret om utviklingsplan
Prosjektleiar har sendt førespurnad til prosjektdeltakar frå brukarutvalet og ønskjer uttale frå utvalet om:
- kvifor utviklingsplanen er viktig for brukarane
- kva perspektiv som bør lyftast fram
Utvale tilslutta forslaget til tekst utforma av Jensen.
Sak 20/26 – Permisjon
Synnøve Bårdsen Lindanger ønskjer permisjon frå Brukarutvalet ut perioden.
Anne Gurine Sætre går inn som vara for resten av perioden.
Hilde Elisabeth Lewin Warren går inn som representant i Klinisk etisk komité.
Sak 21/26 – Merknad frå Anne Gurine Sætre
Ho peikar på skjevheiter mellom økonomiske satsingar til psykisk helsevern og somatikken.
Brukarutvalet vil sjå nærare på dette når oppdragsdokumentet for 2026 ligg føre.
Neste møte
Torsdag 19. mars 2026.
Referat frå Brukarutvalet 20. januar 2026
- Dato: 20. januar 2026
- Tid: Kl. 12.00–16.00
- Stad: Haugesund sjukehus
- Møtenummer: 1/2026
- Arkivreferanse: 2023/1126 – 29902026
Deltakarar
- Geir Charles Grindheim (møteleiar)
- Karl Olaf Sundfør
- Hilde Elisabeth Lewin Warren
- Anne Karin Sørdal
- Kjersti Vinje
- Ole Johan Jensen
- Anne Gurine Sætre
- Forfall: Nils Reiersen, Synnøve B. Lindanger og Mia Therese Pedersen
- Frå administrasjonen: Reidun Rasmussen Mjør
Sak 01/26 Godkjenning av referat og saksliste
Saksliste og referat frå møte 6. november 2025 blei godkjent.
Sak 02/26 Orientering om digitale helsetenester i Helse Fonna
Ingrid Øritsland Våge, Evelyn Endresen Sevland og Ida Optun orienterte om Digitalt helsetenesteteam i Helse Fonna og innføringsprosjektet Digital oppfølging av kreftpasientar i Helse Vest. Ref. presentasjon som er vedlegg til møtereferatet.
Sak 03/26 Årleg melding 2025
Gjennomgang av utkast til årleg melding frå Brukarutvalet 2025. Utkast til melding, revidert etter innspel i møtet, er vedlegg til møtereferatet. Godkjenning av endeleg årleg melding vert sak på neste møte.
Sak 04/26 Administrerande direktør har ordet
Tema i samtale med administrerande direktør, Anders Hovland:
- Digitale tilbakemeldingar frå pasientar
- Ny utviklingsplan for Helse Fonna
- Brukarutvalet sine fokusområder
- Pasientsikkerhet
- Beredskap
Sak 05/26 Orientering om ny utviklingsplan for Helse Fonna
Katrin Wegner orienterte om arbeidet med ny utviklingsplan for Helse Fonna. Ref. presentasjon som er vedlegg til møtereferatet.
Sak 06/26: Orienteringar frå leiar/nestleiar
Kvalitetsutvalet
Grindheim orienterte frå møte i Kvalitetsutvalet. Det blir registrert 250-300 Synergi-meldingar kvar månad, meldingar om avvik og forbetring. Eit utval av sakene blir gjennomgått i og følgd opp av Kvalitetsutvalet.
Fellesmøte for brukarutvala i Helse Vest
Sundfør orienterte om saker som var oppe på fellesmøtet. Mange av sakene var melde inn frå leiar og nestleiar i Brukarutvalet i Helse Fonna. Referat frå møtet er tidlegare sendt ut til medlemene i Brukarutvalet i Helse Fonna til orientering.
Sak 7/26 Eventuelt
Digtilale tilbakemeldingar frå pasientar
Jensen orienterte om at Helse Fonna har motteke om lag 1400 sms-tilbakemeldingar frå pasientar etter at ordninga blei oppretta 6. januar 2026. Det skal utarbeidast rapport frå tilbakemeldingane. Jensen deltar som brukarrepresentant i dette arbeidet.
UKOM-rapportar
Jensen stiller spørsmål om korleis UKOM-rapportar vert følgde opp i Helse Fonna. Brukarutvalet får tilbakemelding på spørsmålet i neste møte.
Førespurnad om brukarrepresentant i strategisk satsing
Det har komme førespurnad om brukarrepresentant til «Når mindre er bedre, strategisk satsing med fokus på nedskalering av lavverditiltak i sjukehus». Brukarutvalet ber om meir informasjon om oppdraget før det blir tatt avgjerd om representasjon.
Orientering om eindosefabrikken
Orientering frå Sjukehusapoteka Vest om eindosefabrikken blei spelt inn som aktuell sak til neste møte.
Neste møte
Torsdag 19. februar 2026.
Referent: Reidun Rasmussen Mjør
Referat frå Brukarutvalet 6. november 2025
- Dato: 6. november 2025
- Tid: Kl. 12.00–16.00
- Stad: Haugesund sjukehus
- Møtenummer: 8
- Arkivreferanse: 2023/1126 – 47978/2025
Deltakarar
- Geir Charles Grindheim (møteleiar)
- Ole Johan Jensen
- Karl Olaf Sundfør
- Nils Reiersen
- Mia Pedersen
- Anne Karin Sørdal
- Hilde Elisabeth Lewin Warren (på Teams)
- Forfall: Kjersti Vinje og Synnøve Bårdsen Lindanger
- Frå administrasjonen: Kjersti Haugen (referent)
- Kopi til: Regionalt Brukarutval Helse Vest, Ungdomsrådet Helse Fonna og Samhandlingssjef Reidun Rasmussen Mjør
Sak 45/25 – Leiar for Brukarutvalet
Møteagenda og referat frå førre møte (16.10.25) vart godkjent.
Sak 46/25
Utgjekk.
Sak 47/25 – Ole Johan Jensen
- Pasienterfaringsundersøkingar via SMS
Jensen orienterte frå arbeidsmøte i prosjektet. Utfyllande referat ligg i Teams.
- Prosjektstyret i Helse Fonna
Helse Fonna har etablert strategisk styring for store prosjekt. Porteføljestyret følgjer opp prosjekta og inkluderer direktør, leiarar, tillitsvalde, verneombod og brukarrepresentant.
Jensen trekte fram to prosjekt:
- Early Bird: Skal sjå på utskriving av pasientar for å unngå unødig venting.
- Felles henvisningsmottak: Skal effektivisere ressursbruk i føretaket.
Sak 48/25 – Leiar
Styresaker: Utgjekk, då sakene ikkje var publiserte.
Informasjon frå leiar:
- FFO Vestland har bede om innspel til statsbudsjettet 2026. Utvalet vil svare etter å ha henta inn nødvendig informasjon.
- Gjennomgang av agenda for styreseminar 12.–13. november.
Sak 49/25 – Status frå prosjekt og utval
Brukarrepresentantar deltek i følgjande prosjekt og utval:
- Mia T. Pedersen: LIM-prosjekt (likestilling, inkludering og mangfald)
- Nils Reiersen: Fagleg samarbeidsutval for eldre med skrøpeleg helse
- Anne Karin Sørdal: FSU for personar med fleire kroniske lidingar og prosjekt for heimebehandling
- Hilde Elisabeth Warren: Gyn-prosjekt (avslutta)
- Kjersti Vinje: Habiliteringsprosjekt (avslutta) og nettsidearbeid for Fag og forsking
- Synnøve B. Lindanger: AU for fagdag innan habilitering/rehabilitering, Møteplassen og Klinisk Etisk komité
- Ole Johan Jensen og Karl Olaf Sundfør: Arbeidsgruppe innan psykisk helsevern (status uavklart)
- Karl Olaf Sundfør: FSU psykisk helse/rus, Samhandlingsforum, SSU og styret i Helse Fonna
- Geir Charles Grindheim: Styret, Kvalitetsutvalet og prosjektet Framtidas Odda
Sak 50/25 – Presentasjon frå forskar Heidi Bringsvor
Tema: De-implementering av tiltak med låg verdi
Prosjektet ser på tiltak som har liten nytte for pasientar og fagpersonar. Bringsvor bad om innspel til datainnsamling frå brukarar. Utvalet kom med fleire forslag og ønskjer å bidra vidare.
Presentasjonen vert sendt til medlemmene.
Neste møte
Dato: 9. desember 2025
Tilgang til eldre referat
Treng du eldre referat? Ta kontakt med sekretær Kjersti Haugen, telefon: 45 29 38 10.