
Tenk alt vi får vite av ein liten dråpe blod
Få diagnosar kan settast utan blodprøve. Vil du bli ei superkraft på sjukehuset?

Få diagnosar kan settast utan blodprøve. Vil du bli ei superkraft på sjukehuset?
Det ser rett og slett futuristisk ut i dei to øvste etasjane i det vi kallar Sørvest-blokka på Haugesund sjukehus.
Prøverøyra som blir sendt vidare etter du har fått eit stikk i armen, inneheld livsviktig informasjon. På bokstaveleg talt løypande band blir dei sendt mellom maskinar som presisjonsmåler innhaldet.

I dette riket har Oda, Placidia og Trond full kontroll. Dei er bioingeniørar og jobbar innan medisinsk biokjemi.
– Det er fasinerande alt du kan finne ut av ein blodprøve. Berre få milliliter blod kan seie mykje om tilstanden din. Med ein liten dråpe kan vi diagnostisere kreft, seier Trond Stavland.
Bioingeniøryrket er teknologi og biologi. Du jobbar med menneske og maskinar. Ein superressurs på sjukehusa.
– Eg føler eg har ein viktig jobb.
Utviklinga stansar ikkje. Mykje av analysearbeidet er nå automatisert. Mikroskopet og manuelle rutinar får mindre bruk enn før, men det er framleis bioingeniørane som tek prøvar, kvalitetssikrar og godkjenn resultata.
Om det skjer på laboratoria i dag er ganske sci-fi, vil det som skjer der i framtida komme pasientane endå meir til gode.
– Vi ser at det blir meir og meir genanalysar, trekk Stavland fram.
– Dette er ofte knytt til personleg kreftbehandling, der vi må inn på gennivå.
Ei utvikling det må vere spennande – og givande – å vere med på om du har skula bort på bioingeniøryrket.

Gøy. Det ordet brukar trioen når dei forklarar korleis det er å vere bioingeniør i Helse Fonna.
– Eg trivst med å jobbe med menneske og kombinere det med realfag, seier Placidia Nyiraneza.
Ho har vore her i 16 år. Å jobbe på mindre sjukehus har fordelar, meiner ho.
– Her får vi moglegheit til å gjere litt av alt.
Oda Erland er ferskast. I to år har ho jobba her. To varierte år.
– Vi rullerer og får mykje ulik kompetanse. Vi bytar oppgåver nesten kvar dag.
Slik blir dei også ein samansveisa gjeng.
– Både oss i mellom, og med alle dei andre vi samarbeider med, seier Nyiraneza.
Dei samarbeider med ganske mange, for å seie det forsiktig. Ein god del av arbeidsoppgåvene kjem frå fastlegar. Så er det alle avdelingane og dei ulike faggruppene vi har i Helse Fonna.
Dessutan har dei to gode naboar i blodbanken og laboratorium for mikrobiologi.
– Bra kommunikasjon er viktig. Ser eg at noko ikkje stemmer i prøveresultata, tek eg kontakt med avdelinga og ber dei sjekke opp vidare.

Er du bioingeniør, er du ettertrakta. Du har sikkert skjønt at det er med god grunn no. Om du lurer på om dette er noko for deg, er oppfordringa å berre gjere det, oppfordrar Erland.
– Eg likte godt realfag, matte og naturfag. Dessutan hadde eg interesse for menneskekroppen. Men eg visste ikkje kva eg gjekk til.
Heldigvis gav det meirsmak. I alt ho gjer på jobb trekk ho fram ein favoritt.
– Å jobbe innan traumebehandling er spennande. Innblikket eg får av pasienten på grunnlag av ein blodprøve.
Traumebehandling er litt for dei tøffe, meiner Stavland.
– Har du vakt på traumeteamet må du ta prøver på intensivavdelinga om det for eksempel har vore ei ulukke.
Han trekk fram nokre eigenskapar som er gode å ha som bioingeniør.
– Du må kunne handtere stress. Det er viktig. Du må også vere nøyaktig, ha fleire ballar i lufta, prioritere og vurdere kva som hastar mest.
Arbeidstida kan vere i turnus. Då rullerer du i ulike program. Stavland ramsar opp dei første han kjem på.
– Hematologi, klinisk kjemi, allergi, fordeling av prøver, poliklinikk, preanalytisk, traume.
Altså, mange. Er ikkje traume heilt di greie? Då er variasjonen gull verdt.
– Vi skal også drifte og vedlikehalde mange analysemaskinar også.
Ganske i andre enden, kanskje, i ein mangfaldig arbeidsdag.
Les meir om laboratoria våre: Laboratoriemedisin - Helse Fonna HF
I Helse Fonna gir vi deg ein unik moglegheit for praksis og stipend.