Til deg som er jobbsøker

Kven jobbar i Helse Fon​na?

Flesteparten av medarbeidarane i Helse Fonna har helsefagleg utdanning og arbeider til dømes som sjukepleiarar og legar. I eit stort føretak har vi også bruk for personar med anna type kompetanse. Blant dei tilsette i Helse Fonna finn du også økonomar, juristar, reinhaldarar, prestar og folk med teknisk utdanning.

Vi held til i Haugesund, Odda og Kvinnherad, og på øyene Stord og Karmøy. Noko som gjer at du som tilsett i Helse Fonna kan arbeide i store delar av Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger.

Sjå alle ledige jobbar

Slik søker du

Alle som søker jobb må registrere sin CV og søknad via rekrutteringsportalen WebCruiter. Lenke finn du i annonsa (knappen "Søk på stilling").

Når du registrer deg, får du eit brukarnamn og passord. Du vil då kunne redigere, endre og søke på fleire stillingar med same CV. Du treng ikkje registrere ny CV kvar gong du søkjer på ein jobb i Helse Fonna, men kun skrive ein kortfatta søknad. Din CV vil ikkje bli behandla av oss før du søkjer på ei stilling vi har publisert. Du kan også få oversikt over tidlegare stillingar du har søkt på.

Som søkjar må du hugse

  • Registrer inn god dokumentasjon på utdanning, arbeidserfaring og autorisasjonar i CV-en.
  • Svar på det annonsen etterspør.
  • Legg gjerne med vedlegg som attestar, godkjenningar og vitnemål.
    For meir informasjon om stillinga, kontakt den som står nemnd i annonseteksten.

Fått jobb? Desse skjema fyller du ut før du startar hos oss

Sist oppdatert 01.10.2024