Lokalt tvisteløysingsorgan
Usemje knytt til einskildpasient og praktisk handtering av avtale om inn- og utskriving av pasientar som treng helsetenester, skal som hovudregel løysast gjennom dialog og forhandlingar mellom partane, likevel slik at prinsipielle pasientrelaterte einskildsaker skal søkjast løyst så nært pasient/brukar som mogleg.
Oppnår ein ikkje semje, vert det oppretta ein usemjeprotokoll som vert send til lokalt tvisteløysingsorgan for drøfting og tilråding av løysing.
Oppnår ein ikkje semje om å følgje tilrådinga, skal saka sendast til nasjonalt tvisteløysingsorgan. I saker der partane ikkje er samde om at uttale frå nasjonalt tvisteløysingsorgan skal vera bindande, kan kvar av partane bringa saka inn for dei ordinære domstolane med Haugaland tingrett som verneting.